Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Stress på arbeidsplassen er ikkje nødvendigvis negativt. Det viktige er at alle på arbeidsplassen saman førebygger skadeleg stress og samtidig set medarbeidarar i stand til å meistre det naturlege stresset.

Eit godt arbeidsliv er ikkje stressfritt. Tenk deg følgjande: Det er aldri noko som kjem overraskande. Du veit nøyaktig kva som skal skje, ikkje berre i dag, men fem år fram i tid. Arbeidsoppgåvene dine har etter kvart blitt rein rutine. Du får ikkje lenger utfordringar eller oppgåver som ikkje er definert ned til minste detalj. Kva er det som manglar? Det er sjølvsagt stimulans. Dei utfordringane vi møter, er også med på å gjere arbeidslivet vårt spennande.

To typar stress

Stress handlar om korleis vi reagerer på hendingar rundt oss. Det er viktig å skilje mellom to typar stress: det kortvarige, som er normalt og nyttig, og det langvarige, som er skadeleg for helsa. Det kortvarige, akutte stresset er ein naturleg reaksjon på ei hending, for eksempel eit forsinka fly eller ein frist som nærmar seg. Stresset skjerpar sansane våre og set oss i stand til å handle raskt. Sjølv om det kan være ubehageleg medan det står på, varar det berre ei kort stund. Etterpå kan kroppen slappe av igjen. Flyet lettar og rapporten blir levert før fristen.

Det langvarige stresset oppstår når situasjonar og hendingar som stressar oss ikkje forsvinn. I staden held dei fram med å gjere livet vanskeleg i veker, månader og år. Denne typen stress slit oss ut og er skadeleg. Det er det langvarige stresset vi må gjere noko med.

Stress rammar individet, men er eit felles ansvar

Alle reagerer ulikt på stressande hendingar. For eksempel kan nokre tilsette oppleve ei omstilling som veldig stressande, medan andre gler seg til å møte nye utfordringar. Det er altså kvar enkelt si oppleving av ein situasjon, ikkje berre situasjonen i seg sjølv som utløyser stressreaksjonar. Det er i dag brei semje om at stress oppstår i relasjonen mellom individ og omgivnad. Derfor er stress ei utfordring som heile arbeidsplassen må jobbe med. Organisasjonen som heilskap må være oppteken av å meistre stress og førebygge skadeleg stress.

Å meistre stress handlar om forventningar

For å takle stress og skape balanse i kroppen må det enkelte menneske tru på eigne evner og ha ei forventning om at handlingar fører til eit positivt resultat (sjå CATS-modellen nedanfor). Dette kallar vi å meistre. Menneske har ulike føresetnader for å meistre stress. Ein leiar som er oppteken av å fremje meistring har innblikk i den enkelte medarbeidarens styrker, svakheiter og potensial.

Stress er også relevant på gruppe- eller organisasjonsnivå, når fleire personar blir utsett for dei same stressfaktorane. Det gjeld for eksempel ved større endringar og når ein skal løyse nye, store oppgåver. Då er god kommunikasjon viktig. Medarbeidarane må få informasjon om forandringane og høve til å stille spørsmål og bli kvitt frustrasjon. Her spelar både den øvste leiinga og mellomleiarane ei viktig rolle: Dei skal kommunisere en positiv visjon, sikre framdrift og ta vare på medarbeidarane. Så raskt som mogleg bør den enkelte medarbeidaren få vite korleis framtida ser ut. Openheit er eit nøkkelord her.

Korleis kan vi førebygge stress?

Det er mogleg å fjerne eller redusere det som skaper stress for den enkelte. På eit overordna nivå handlar det om å legge til rette for at medarbeidarane får positive forventningar til oppgåvene og arbeidsforholda. Undersøkingar viser at vi fungerer best når desse fire faktorane er til stades:

  • Kjensle av kontroll: Når vi opplever at vi har innverknad på arbeidssituasjonen, føler vi også at vi taklar stresset betre. Kontroll er ein særs viktig psykologisk faktor i menneske si oppleving av å føle seg trygge og i balanse.
  • Kjensle av at arbeidssituasjonen er føreseieleg: Hendingar er rett og slett mindre stressande om vi på førehand veit at vi skal bli utsett for dei. Ved å unngå utryggleik og uvisse får den enkelte høve til å førebu ein strategi for å meistre situasjonen.
  • Sosial støtte frå kollegaer og leiing: Forsking viser at sosial støtte i stressande og trugande situasjonar kan være med på å minimere stressreaksjonane i kroppen. Sosial støtte på ein arbeidsplass kan komme frå både leiarar og kollegaer, og kan være praktisk eller psykologisk.
  • Kjensle av at ting går riktig veg: Kjensla av at ting går riktig veg (for eksempel i omstillingsprosessar) gir håp og tru på at ein kjem til å lukkast. Dette kan være med på å redusere stressnivået. Derfor er det viktig at verksemdas visjonar, målsettingar og avgjerder blir kommunisert på ein klar og truverdig måte og skapar ei forventning om å nå målet.

Desse fire faktorane er også typiske kjenneteikn på helsefremmande arbeidsplassar .

Fakta om stress

  • Stress set i gang det autonome nervesystemet vårt og produksjonen av hormona adrenalin og kortisol. Kroppen blir sett i alarmberedskap.
  • Stress skjerper sansane våre og gjer oss i stand til å handle raskt. Om vi meistrar situasjonen kan stress være prestasjonsfremjande.
  • Under langvarig stress produserer kroppen store mengder adrenalin og kortisol over tid og er i konstant beredskap. Då får ikkje kroppen lov til å slappe av. Dette slit oss ut og er skadeleg. Langvarig stress kan hindre at vi merkar behovet for mat og søvn. Det påverkar evna vår til å hugse og svekker immunforsvaret. Stressperiodar som går over lang tid eller gjentar seg kan føre til depresjonar og hjarte- og karsjukdommar.

CATS – ein teori om stress

CATS-modellen (The Cognitive Activation Theory of Stress) er ein teori om korleis menneske reagerer på stress. Som det går fram av modellen heng reaksjonane våre i stor grad saman med forventningar. Hjernen vurderer stressande situasjonar med utgangspunkt i tidligare erfaringar. Hjernens forventning til kva som vil skje betyr mykje for stressresponsen. Den positive forventninga er i seg sjølv med på å senke kroppens alarmberedskap raskt. Då er det meir sannsynleg at vi meistrar situasjonen og får nye, positive erfaringar. I motsett fall har vi negative kjensler og forventningar, noko som forsterkar stresset. Då meistrar vi ikkje situasjonen, og får negative erfaringar. I begge tilfelle påverkar utfallet reaksjonen vår neste gong vi blir stressa.

 

CATS
CATS - ein teori om stress

Les mer

idebanken

Fargeskjema gjør det lettere å snakke om stress

Med hjelp av et fargeskjema har ledere og kolleger i Næstved kommune i Danmark fått en god dialog om stress og arbeidspress. Nå vet de mer om hverandres stressignaler og hvordan de kan hjelpe hverandre.

idebanken

Rettferdighet gir mindre stress på jobben

Det mest avgjørende for godt samarbeid er at alle opplever det som skjer på arbeidsplassen som rettferdig. Det mener forsker Arne Endresen ved Universitetet i Stavanger. Gode samarbeidsforhold er en viktig buffer mot stresslidelser på jobben.

idebanken

Fjern frustrasjonene

Frustasjonsmomentene er forhold i jobben som oppleves som tunge og frustrerende. De gjør arbeidsdagen unødvendig belastende og frustrerende. Men når tar vi oss tid til å snakke om dem?

idebanken

Håndter stress i fellesskap

Jobb med å håndtere stress i fellesskap. IGLO-stafetten er et spill som skal hjelpe dere å kartlegge utfordringer og finne løsninger på stressutfordringer på Individ-, Gruppe-, Ledelses-, og Organisasjonsnivå.

idebanken

Fyrstikkspill skaper dialog

Ved en arbeidsplass har de utviklet et spill som skaper dialog om stress og trivsel. I spillet trekker deltagerne et emnekort, f.eks. "Jeg opplever smil og en postitiv holdning når jeg kommer på jobben". Alle deltagerne forholder seg til utsagnet ved å ta det antall fyrstikker i hånden som tilsvarer hvor enig man er i utsagnet. Deretter snakker man om utsagnet og valg av antall fyrstikker.

idebanken

Arbeidsplassutvikling - en dialogmetode

Arbeidsplassutvikling er en løsningsorientert dialogmetode der deltakerne sammen finner frem til sine ønsker og drømmer om den gode arbeidsplass. Deretter jobber de med å konkretisere drømmene til forslag til hva man kan gjøre for å forbedre og utvikle arbeidsmiljøet.

Dialogverksted til oppfølging av arbeidsmiljøundersøkelse

Dialogverkstedet er en engasjerende møteform som kan være med på å skape handling etter en arbeidsmiljøundersøkelse. På dialogverkstedet jobber man med å velge ut, prioritere og foreslå tiltak for de viktigste temaene fra arbeidsmiljøundersøkelsen

idebanken

Hva kan vi bli bedre på?

Kulturdialogen undersøker arbeidsplassens verdier og handlemønstre. Gjennom dialogen finner dere fram til det som fungerer, og det som kan utvikles og bli bedre.

idebanken

Kartlegg arbeidspress og arbeidsglede

Denne øvelsen samler opp gruppens eller enhetens erfaringer med arbeidspress og arbeidsglede i året som gikk. Kunnskapen brukes til å lage en aktivitetsplan for tiden fremover.

idebanken

Identifiser faktorene som kan redusere stress

I denne øvelsen blir medarbeiderne bedt om å vurdere en rekke positive utsagn fra 0 til 10 og deretter prioritere og drøfte resultatene. Dette er en hurtig og effektiv metode for å dokumentere de faktorene som har betydning for stressbelastningen på arbeidsplassen. Formålet er å få øye på ubalanse og iverksette tiltak.