Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Arbeidsmiljølova peikar på arbeidslivet som ein viktig arena for å fremje fysisk aktivitet. Samtidig kan trening i arbeidstida gi mange positive effektar for verksemda og dei tilsette.

Regelmessig fysisk aktivitet kan førebygge ulike helseplager, for eksempel psykiske lidingar og plager frå muskel- og skjelettsystemet. Det er derfor anbefalt at vaksne menneske er i aktivitet i minst 30 minuttar dagleg, med moderat intensitet.

Arbeidslivet er ein viktig arena for å fremje fysisk aktivitet. Ifølge arbeidsmiljølova skal arbeidsgivarar vurdere tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant arbeidstakarane. Slike tiltak er ofte eit viktig ledd i det systematiske IA- og HMS-arbeidet (helse-, miljø- og sikkerheit). Trening i arbeidstida kan gi mange positive effektar:

  • Betre mental tilstand og humør
  • Auka velvære
  • Betre evne til å mestre stress
  • Reduserte muskelspenningar
  • Færre slitasjeskader
  • Meir kreativitet og positivitet
  • Betre samhald og arbeidsmiljø
  • Mindre sjukefråvær

Korleis få meir fysisk aktivitet på arbeidsplassen?

Fysisk aktivitet på arbeidsplassen kan være alt frå enkle trimøvingar til store prosjekt med eigne tilsette. Uavhengig av ambisjonsnivå og tilgjengelege ressursar er det lurt å tenke på fysisk aktivitet som ein fast del av arbeidet med HMS og IA. Slik unngår ein skippertak som berre har effekt på kort sikt. Her følgjer nokre råd frå verksemder som har lukkast med si satsing på fysisk aktivitet:

  • Leiinga i verksemda bør engasjere seg og oppfordre dei tilsette til å delta.
  • Det er stor forskjell på folk når det gjeld aktivitetsnivå. Tiltak må være inkluderande, og det bør finnast tilbod også for dei som er lite aktive. Ei satsing er aller mest vellukka om ein når dei som er minst aktive.
  • Det er lurt å gjennomføre ei kartlegging før ein set i gang. Slik kan ein avdekke behov og interesser.
  • Samarbeid med bedriftshelsetenesta eller eksterne aktørar er ofte svært nyttig når ein ønskjer å få til eit større prosjekt. Slike aktørar har ofte eigne opplegg for kartlegging, motivering, måling, registrering osb.
  • Finn gjerne eldsjeler eller "helseinspiratorar" blant dei tilsette som kan motivere dei andre. Slike ressurspersonar er viktige for å lukkast. Samtidig bør ikkje eit prosjekt bli avhengig av enkeltpersonar. På sikt bør prosjektet bli ein del av kulturen og kvardagen i verksemda.
  • Det er viktig å anerkjenne innsats. Gjennom konkurransar, utfordringar og premiering kan ein oppnå motivasjon og smitteeffektar som får fart på prosjektet.
  • Tiltak bør fremje lysten hos dei tilsette til å ta vare på eiga helse. Det kan være smart å tilby trening i arbeidstida, mot at dei tilsette forpliktar seg til å trene like mykje på fritida.
  • Felles arrangement om fysisk aktivitet skaper engasjement. God intern marknadsføring er også viktig for å skape blest. Bruk for eksempel internavisa, brosjyrar, oppslagstavler eller intranettet.
  • Tiltak bør harmonere med bedriftskulturen. Det som fungerer bra i ei verksemd fungerer ikkje nødvendigvis andre stader.

Les mer

idebanken

Tar et oppgjør med stillesitting

I skadeoppgjørsselskapet Norwegian Claims Link (NCL) pusher de hverandre til fysisk aktivitet. Slik blir formen bedre og det sosiale fellesskapet rikere. Det styrker samarbeidet i bedriften.

idebanken

Aktiv Bedrift får fart på de ansatte

Aktiv Bedrift vil hjelpe alle ansatte med å komme i bedre fysisk form. Et tilpasset opplegg for hver arbeidsplass og en treningsdagbok på nettet gjør det enkelt og motiverende å delta.