Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bilde av tre damer, ståande saman i ein korridor på Smøla sjukeheim; avdelingsleiar Synøve Jota Gulla, einingsleiar Inger-Lise Lervik og verneombod Unni Betten. Foto.

 

Nybrottsarbeid fekk ned sjukefråværet

Gjennom opprettinga av ei HMS-gruppe og solid førebyggjande arbeidsmiljøarbeid snudde Smøla sjukeheim den negative sjukefråværstrenden.

TEKST: Martin Gustafson / FOTO og VIDEO: Morten Johnsen Solberg


Før sola har stege over fjella i aust, er me allereie på veg over Edøyfjorden. Den elektriske ferja fraktar oss og ein handfull andre bilar tilnærma lydlaust over den blikstille fjorden. Det er midt i desember, og dagane er på sitt kortaste no. Lufta er nydeleg frostklar. Me trekk inn i salongen for dagens andre kopp med kaffi, og kanskje ei nordvestlandsk ferjesvele.

– Neimen, sjå der du! Kjentfolk!, lyd det muntert og plutseleg. Det er berre to andre i ferjesalongen denne morgonen, og det er sanneleg kjentfolk!

Dagmar Landstad og Nina Grawert har også starta denne dagen tidleg. Dei jobbar som IA-rådgivarar ved NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal. Dagmar har me møtt tidlegare då me besøkte barnehagen på Straumsnes i Tingvoll kommune. 

– Eg trur me er på veg til den same plassen, seier Nina med eit smil. Og det har ho rett i. For i dag skal me besøke Smøla sjukeheim.

For å gi dykk ei lita innføring i lokalgeografi: Smøla er eit øysamfunn med dryge 2000 bebuarar. Her ute er både landskap og folk herda av naturen, og utan fast vegforbinding til fastlandet er dei som bur her ute vande til å måtte klare seg sjølv på mange måtar. Me kjem tilbake til dette.
 

Å finne tid i ein travel kvardag

IA-rådgivarane har samarbeida med Smøla sjukeheim av og på sidan 2020. Då hadde sjukeheimen eit sjukefråvær blant dei tilsette på mellom 20 og 25 prosent. Dette var blant det høgaste av alle arbeidsplassar i kommunen.

– Me som rådgivarar blei då invitert hit av kommunen for å hjelpe sjukeheimen med dette, fortel Nina.

På sjukeheimen er det somatiske avdelingar og ei skjerma avdeling for pasientar med alvorleg demens. Til saman har dei kring 60 tilsette her, fordelt på 32 årsverk.

Hausten 2020 starta IA-rådgivarane Dagmar og Nina samarbeidet med sjukeheimen med dialog om kva slags arbeidsmiljøtiltak som hadde vore gjennomført på arbeidsplassen tidlegare. Basert på mellom anna resultata frå medarbeidarundersøkingar såg IA-rådgivarane saman med den nyetablerte HMS-gruppa på kva sjukeheimen trengde å ta tak i, og kva slags forventingar dei tilsette sjølv hadde til kva dei ønska å oppnå. 

– Me begynte å jobbe med sjukefråværet på ei avdeling der det hadde vore ein del utskifting av folk, fortel Inger-Lise Lervik.
 

Bilde av en voksen dame med lyst hår. Hun har på seg en svart ullgenser som har en nål med små juledekorasjoner på brystet. Foto.
– Me blir fort litt stoveblinde når ein har jobba lenge i bransjen. Derfor er det å få utanfråblikket på oss sjølv så bra, seier einingsleiar Inger-Lise Lervik.


Ho leier den kommunale omsorgstenesta, som inkluderer sjukeheimen og tenester for heimebuande. Samtidig leier ho også Smøla sjukeheim, som er den største eininga innanfor dette tenesteområdet.

Ho fortsett:

–  Nina og Dagmar gjennomførte opplegget «Ein bra dag på jobb» for dei tilsette som jobba på denne avdelinga. Det lærte me mykje av.

«Ein bra dag på jobb» er eit arbeidsmiljøverktøy utvikla av Statens Arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), som tar utgangspunkt i kjente risikofaktorar i ulike bransjar.

Inger-Lise fortel at «Ein bra dag på jobb» bidrog til at dei tilsette kunne reflektere saman over sin eigen arbeidssituasjon:

– Det å sette ord på krevjande situasjonar og belastningar i arbeidskvardagen har bidratt til å legitimere behovet for endring og forbetring, seier einingsleiaren. Ho fortsett:

– For eksempel har behovet for økt kompetanse i krevjande pasientsituasjonar komme tydeleg fram. Det er ikkje alltid lett for ein enkeltperson å melde et slikt behov, kanskje heller ikkje å bli høyrt. Men gjennom felles refleksjon skapas det tillit og gjensidig forståing.

– Det er vanskeleg å finne tid til slikt i ein travel arbeidskvardag, men dei tilsette ved Smøla sjukeheim ønska å gjere noko med dette høge fråværet. Dei har heldt ut mykje, involvert alle og ikkje gitt opp, seier IA-rådgivar Nina.

– Me blir fort litt stoveblinde når ein har jobba lenge i bransjen.

Inger-Lise Lervik, einingsleiar, Smøla sjukeheim.

VIDEO: – Alle skal ha det godt på jobb.

Her kan du sjå ein kort film om korleis Smøla sjukeheim jobba med arbeidsmiljøet sitt:

– Ei stor frigjering og styrke

Dei to IA-rådgivarane framheva i starten av samarbeidet kor viktig det er av at sjukeheimen måtte få på plass ei lokal partsgruppe; ei såkalla HMS-gruppe, beståande av leiar, avdelingsleiar, verneombod og tillitsvalde frå Fagforbundet og Sjukepleiarforbundet.

– Me fekk opplæring i trepartssamarbeidet, og det har auka forståinga om kor viktig samarbeidet mellom tilsette og leiing er i arbeidskvardagen, fortel Inger-Lise.

Einingsleiaren får støtte frå verneombodet Unni Betten. Ho har jobba ved Smøla sjukeheim i 13 år, og har vore verneombod i nærare 7 av dei.

– Dette er ei arbeidsgruppe som er gull verd i mine auge. Me har stor takhøgde for å ta opp ting og forsøk å finne løysingar som gjer det best for alle tilsette, seier ho.
 

Bilde av en dame med lyst hår og gul genser. Hun har et sølvsmykke rundt halsen.
– Som alle andre sjukeheimar har me høgt tidspress og lite vikarar – men i ein travel arbeidskvardag meiner eg det er viktig å tenke på at alle skal ha det godt på jobb, seier verneombod Unni Betten.​​​​​​


HMS-gruppa møtest stort sett ein gong i månaden. Unni forklarar at HMS-gruppa har begynt å involvere dei andre tilsette også, og informere på personalmøte om kva HMS-gruppa jobbar med eller har vorte einige om.

– Det er ei stor frigjering og styrke for meg som leiar at me jobbar så godt i lag som me gjer. Sjølv om me ikkje alltid er einige, så har me ei openheit i dei prosessane me har. Eg trur også at rolleforståinga har blitt styrkt, og kor verdifullt det er at me er tidleg på for å samarbeide om dei viktige tinga, forklarar Inger-Lise.

Tradisjonelt blir ofte vernetenesta eller tillitsvalde kopla inn i ei sak litt uti. Einingsleiaren meiner at ved å vere i forkant og kunne planlegge mykje saman, får også HMS-gruppa ei felles forståing både for utfordringar og moglege løysingar.

– Me står samla om dei viktige tinga som me treng å jobbe med vidare på sjukeheimen, seier ho. 

Bilde av tekst og illustrasjonar på eit langt ark. Arket heng på ein vegg. Foto.
På veggen inne på det eine personalrommet heng det ein 4–5 meter lang rull med papir. Her heng reisa Smøla sjukeheim har vore med på, illustrert med bilde og fyrtårn og milepålar for kva dei starta når, og kva dei har oppnådd sidan.

– Me blir fort litt stoveblinde

Men la oss gå litt tilbake att til 2020. Då var også IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar nyleg blitt operativt. Dette er eit av fleire slike program som retter seg mot visse bransjar kor det er dokumentert at spesifikke utfordringar innanfor den bransjen eller typen arbeid fører til høgt sjukefråvær.

– Då me høyrde at dette bransjeprogrammet skulle sette i gang ulike aktivitetar, tenkte eg at dette måtte vere noko for Smøla sjukeheim, fortel IA-rådgivar Nina.

Forslaget vart teke opp i HMS-gruppa, som vart einige om å sende inn ein søknad. Og då tilbodet kom om å vere med i bransjeprogrammet, takka dei naturleg nok ja. Aller først deltok HMS-gruppa på eit kurs som heiter «Rolleforståing og partssamarbeidet», for å trygge den då forholdsvis ferske HMS-gruppa på deira funksjon, og korleis dei kunne fortsette å utvikle gruppa.

Som ein del av bransjeprogrammet vart det også sett i gang eit arbeid for å utvikle ulike metodar for arbeidsmiljøarbeid. Dette for å få ei djupare forståing for kor skoen trykka i arbeidsmiljøet her. Ein av metodane som vart brukt i dette arbeidet var jobbskygging.

Dette innebar at tre sjukepleiarar og helsefagarbeidarar vart fotfølgd ein heil arbeidsdag, og kvar minste ting dei jobba med eller gjorde vart notert ned.

– Det trur eg var ei slags openberring også for dei tilsette; gjennom jobbskygginga fekk dei tilsette sjå alle dei arbeidsoperasjonane som vert gjort i løpet av ein dag, men som ein kanskje ikkje tenker over at ein gjer, seier Inger-Lise.

– Altså, fisken sjølv veit ikkje at han er i vatn!, ler einingsleiaren, før ho fortsett:

– Me blir fort litt stoveblinde når ein har jobba lenge i bransjen. Ein blir vant til at «slik er det berre». Derfor er det å få utanfråblikket på oss sjølv, slik me får gjennom IA-rådgivarane Nina og Dagmar, og gjennom bransjeprogrammet, så bra. Det gjer oss i stand til å sjå oss sjølv på ein annleis måte.
 

Bilde av to damer som står ved siden av hverandre utendørs. Damen til venstre har briller og mellomblondt hår, og en lilla jakke. Damen til høyre er mørkhåret, og har et grønt og hvitt skjerf rundt halsen. Foto.
Dagmar Landstad (t.v.) og Nina Grawert er begge IA-rådgivarar ved NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal er imponerte over den innsatsen Smøla sjukeheim har lagt ned.


Nybrottsarbeid innan bransjeprogrammet

– For det er ikkje alt som går direkte på pasientomsorg eller praktisk pleie. Mykje handlar også om koordinering og samhandling med kollegaer – og ein får sjå kor viktig det er et alle desse tinga verker saman for at me skal ha ein god arbeidskvardag. Samtidig trur eg det og har gitt ei ny yrkesærekjensle, sidan dei no får sjå kva dei presterer i løpet av arbeidsdagen, seier einingsleiaren.

IA-rådgivar Nina følger opp:

– Det var totalt ti sjukeheimar i Noreg som testa ut ulike metodar innanfor tenestedesign, seier ho.

Tenestedesign legg vekt på å forstå menneskas faktisk behov, og bruke dette som utgangspunkt for å skape heilt nye teneste, samt forbetre eksisterande tenester.

– Gjennom at Smøla sjukeheim fungerte som ein testbase, var dei med på å utvikle arbeidsmiljøverktøyet «Oss og vårt», som no er rulla ut som eit tilbod til alle sjukeheimar i landet. Så det er verkeleg eit stykke nybrottsarbeid som har blitt vore gjort her, fortsett Nina.

I «Oss og vårt» jobbar personalet saman gjennom fire verkstader for å sette ord på utfordringane, skape skreddarsydde løysingar, og teste kva som verker. Verkstadene hjelper verksemda å identifisere utfordringar i arbeidsmiljøet, og skape og prøve ut løysingar saman.

Dette resulterer i lokalt utvikla og forankra løysingar, som treffer utfordringane medarbeidarane sjølv synest det er viktige å ta tak i.

Einingsleiar Inger-Lise meiner bransjeprogrammet har vore verkeleg uvurderleg:

– Eg håper at fleire sjukeheimar kastar seg på dette. Me har lært mykje av den prosessen me har hatt rundt jobbing med sjukefråværet.

Talas tale er klar om at den samla innsatsen har hatt ein effekt; frå 2020 og fram til hausten 2023 sokk sjukefråværet på Smøla sjukeheim ned til berre 8 prosent.

– Eg opplever at dei tilsette no har eit større eigarskap til det me jobbar med.

Unni Betten, verneombod, Smøla sjukeheim

 

Om IA-bransjeprogram sjukeheim

Som ein del av IA-avtalen er det lansert sju IA-bransjeprogram.

Desse programma rettar seg inn mot visse bransjar kor det er dokumentert at spesifikke utfordringar innanfor den bransjen eller den typen arbeid fører til høgt sjukefråvær.

Med grunnlag i desse utfordringane som er særlege for deira bransje, har sjukeheimssektoren sjølv forma ut innhaldet i IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar.

Formålet med bransjeprogramma er mellom anna at dei som deltar i programmet får støtte og konkrete verktøy for å jobbe med desse utfordringane.

 

Medverking i turnusplanlegging gav gevinst

Ein annan som meiner at HMS-gruppa har endra ting til det betre, er avdelingsleiar Synøve Jota Gulla. Ho er utdanna sjukepleier, men har vore inn og ut av rolla som avdelingsleiar nokre år før ho no blei det fast for to år sidan – og fekk ein plass i HMS-gruppa. På grunn av dette har ho også sett arbeidet frå begge sider av bordet.

– Me har ikkje hatt tradisjon for å forme ut turnusane saman. Men no samarbeider me – leiaren, de to tillitsvalde, verneombodet og meg – om alt. De tillitsvalde er dei tilsette sitt talerøyr og har ofte ei betre oversikt over kva som opptar tilsettegruppa enn eg som leiar har. Då me skulle skrive ny turnus våren 2023, var dei tilsette med i prosessen, seier Synøve og fortsett:

– Og det trur eg er ein av årsakene til at sjukefråværet har gått ned. Alle føler dei har fått vore med og hatt ei meining om kva som betyr noko for arbeidskvardagen deira, og eg trur også at alle har fått ei betre forståing for kvarandres jobbar, og kvifor det er så viktig at me jobbar i lag.
 

Bilde av en en voksen dame med grå genser og gul trøye under. Hun har mørkt hår, perleøredobbel og en nål med julemotiv hengende på genseren. Foto.
– Det er lett å grave seg ned i det ein ikkje får til. Nina og Dagmar har hjelpt oss med å heller sjå det me har fått til, seier avdelingsleiar Synnøve Jota Gulla.


Ho får støtte frå verneombodet Unni:

– Det at dei tilsette har fått moglegheita til å påverke turnusen sin og tilpasse fritida si tilsvarande har nok hatt mykje å seie for sjukefråværet

Ein annan ting ho trekk fram ein av verkstadane i «Oss og vårt»-verktøyet, der tilsette skulle komme opp med løysingar på utfordringar som dei allereie hadde kartlagt i sitt eige arbeidsmiljø:

– Me hadde ei samling der alle tilsette skulle komme med idéar og forslag til korleis alle kunne jobbe betre saman. Det var kjempeinteressant og nyttig, og eg opplever at dei tilsette no har eit større eigarskap til det me jobbar med, forklarar Unni og fortsett:

– Dei tilsette skal òg ha det bra på jobb. Og for meg gjer det å vite at me har stor takhøgde for å ha både gode og dårlege dagar, og at me tek vare på kvarandre – det gjer at eg gler meg til å komme på jobb, rett og slett.

– Eg trur også at alle har fått ei betre forståing for kvarandres jobbar, og kvifor det er så viktig at me jobbar i lag.

Synøve Jota Gulla, avdelingsleiar, Smøla sjukeheim

Landskapsfoto. Bildet viser en solnedgang i havgapet utenfor Smøla.
​Smøla er et øysamfunn utan fast vegforbindelse, og dei som bur her ute er på mange måtar vande til å måtte klare seg sjølve. Og sjølv om dagane i desember er korte, så er dei òg veldig vakre her ute i det nordvestlandske havgapet.

Ønskjer å gjere ein forskjell

Ei anna årsak til kvifor det er så viktig å ta vare på både arbeidsmiljøet og få ned sjukefråværet er geografien. Sidan Smøla er eit forholdsvis lite lokalsamfunn og fordi det er to ferjer og to timars reiseveg til Kristiansund som næraste by, er det ikkje berre berre for nokon å svinge innom og ta ei vakt, eller skaffe ein vikar på kort varsel.

Derfor må dei ta vare på den arbeidskrafta dei har, og det vert ekstra viktig at dei tilsette både kjenner seg involvert og sett, og har eit eigarskap til arbeidet – og at dei får moglegheit til å utvikle seg. Ifølge einingsleiar Inger-Lise har Smøla sjukeheim vore langt framme i skoa og drive med avansert behandling av pasientar i mange år.

Avdelingsleiar Synøve følg opp og fortel at pleiarane ved sjukeheimen ofte gjer oppgåver som til vanleg fell på spesialisthelsetenesta, som for eksempel blodtransfusjon:

– Me sender sjølvfølgeleg pasientar til sjukehuset om me må, men fordi ein må i båt for å komme seg til eller frå Smøla, så må me av naudsyn også kunne drive med avansert pleie her.

Einingsleiar Inger-Lise skyt inn med det siste ordet:

– Det vil eg seie er innstillinga til folk. Det er heilstøypte folk her på Smøla sjukeheim, som ønskjer å gjere ein forskjell, og lage ein god kvardag både for kvarandre og i den tenesta ein er med på å utøve. Det å få oppleve ein slik dedikasjon på jobb kvar dag, det er det beste.
 

Illustrasjon av tre figurar som har ulike yrker.

IA-bransjeprogram

Under IA-avtalen er det etablert program som rettar seg mot sju utvalde bransjar i det norske arbeidslivet. Desse programma heiter IA-bransjeprogram.

Kvart program støttar arbeidsplassar med tiltak skreddarsydd for dei utfordringane som er typiske for den bransjen dei høyrer til.

Måla med IA-bransjeprogramma er at arbeidsplassane skal få mellom anna betre arbeidsmiljø og lågare sjukefråvær.