Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Matter som avlastar trykket på beina. Justerbare spesialstolar. Stylter når arbeidet krev det. Den store installatørverksemda YIT (no Caverion) satsar mykje på å betre arbeidsforholda for dei tilsette.

Nils Kristian Ødegård er montør i YIT. Han har fått stylter å gå på når han skal montere klimaanlegg.

– Før var eg veldig mykje opp og ned trapper når eg skulle montere klimatak. Eg fekk problem med knea mine, og måtte ta pause støtt og stadig. Knea blei verre og verre etter kvart. Etter at eg fekk styltene blei vanskane nesten borte.

Avlasting på harde golv

Ødegård er berre ein dei fornøgde handverkarane Idébanken møtte. Elektrikar Øyvind Magnussen har fått trykkavlastingsmatte og justerbar spesialstol. No kan han veksle arbeidsstillinga si mykje meir. Han slepp å stå på harde betonggolv eller i gardintrapp når han arbeider med kablar i dataskap.

– Det har blitt ein heilt annan kvardag, seier han.

Ergoterapeut såg behova

YIT er ein av Nordens største leverandørar av tekniske bygginstallasjonar. Selskapet har 3600 tilsette i Noreg. Mange av dei er handverkarar, som elektrikarar og rørleggarar. Dei gjer mykje tungt og statisk arbeid, i vrange stillingar.

I 2009 blei ergoterapeut Therese Johannesen henta til YIT for å få meir fart i IA-arbeidet. Ho oppdaga store behov for tilrettelegging. Sidan har verksemda testa ut og tatt i bruk mange hjelpemiddel.

YIT tør å teste

– Det er veldig bra at YIT tør å gå den ekstra mila for å teste ut alle desse hjelpemidla. Dei tar IA-arbeidet sitt på alvor, seier Johannesen.

Avdelingssjef Bjørn Halvorsen er tydeleg på at helsa til dei tilsette er viktig for YIT.

– Det er eit overordna mål for YIT at kvar enkelt tilsett skal takast vare på og bli sett. Det har vi tru på. Vi vil ikkje berre tilsette folk. Vi vil at folk skal bli verande.

Samarbeid gir suksess

Therese Johannesen er ein av hovudpersonane i IA-arbeidet til YIT. Sjølv er ho er svært tydeleg på at den viktigaste suksessfaktoren er samarbeid.

– Eg meiner nøkkelen til at det går godt er eit veldig bra samarbeid mellom dei tillitsvalte og leiinga. Har du det på plass, er halve jobben gjort. Då er alle med på å dra lasset saman.

Hovudtillitsvalt Morten André Svendson samtykker.

– Vi har fått til eit veldig bra samarbeid mellom dei tillitsvalte og verksemda. Det gjer at vi kan sitte saman, ha konstruktive meiningsutvekslingar og prøve å finne fram til løysingar. I tillegg har vi fått god hjelp frå Therese og Arbeidslivssenteret.

Takkar IA-avtalen

Det er i det heile mange som er involvert i IA-arbeidet til YIT. NAV Arbeidslivssenter har blitt hyppig brukt.

Også verktøykoordinator Geir Bredde er ein aktiv del av arbeidet. Som fleire av dei andre vi snakkar med, meiner han at YIT har hatt stor nytte av IA-avtalen.

– Eg er heilt klar på at det er IA-avtalen som ligg til grunn for at eg får det store spelerommet eg får her. Når vi skal prøve ut nye ting, har vi høve til å få støtte fordi vi er ei IA-verksemd. Vi kan tillate oss å prøve ut ting som vi er usikre på om vil ha ein effekt. Det trur eg ikkje vi hadde tatt oss råd til om vi ikkje hadde hatt IA-avtale, seier han.

Store gevinstar

Løner det seg med IA-arbeid? Ingen vi møtte frå YIT er i tvil.

– Eg trur vi får arbeidstakarar som trivst på jobben. Trivsel på arbeidsplassen gjer igjen at vi får betre produksjon, betre produktivitet og folk som er lojale og villige til å vere her over mange år. Eg er heilt sikker på at økonomien i det er veldig god, seier tillitsvalt Morten André Svendson.