Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Generelt høg kompetanse, små forhold og få konfliktar. Det har trivsel og lågt sjukefråvær til følgje. I Bykle kommune finn ein alt det.

Bykle kommune har lågt sjukefråvær, få på uføretrygd og nesten ikkje arbeidsløyse. For andre kommunar er dette som ein draum. Her er det ein tillitsvald, ein personalsjef og ein rådmann tenker om situasjonen i bygda.

– Her blir vi alle sett og høyrd. Har vi eit behov eller ein god idé får vi lett støtte. Det er motiverande, seier tillitsvald i Utdanningsforbundet, Bente Lien.

Ho peikar på at eit høgt utdanningsnivå kan vere éin viktig grunn til det låge sjukefråværet.

– Og så har vi få konfliktar og lite krangling. Det er viktig å ta med, seier Liv Hilde Holm, personalsjef i kommunen.

Bykle kommune - foto - Eivind Kaasin
– Noko så enkelt som hyggelege arbeidsplassar og blide folk. Det har vi mykje av. Dette er jo så viktig, men blir ofte oversett, seier Bente Lien frå Utdanningsforbundet og personalsjef Liv Hilde Holm

To rike går kvar sin veg

Noreg er eit av verdas rikaste land og Bykle ein av kommunane med best økonomi. Sidan Noreg har verdas høgaste sjukfråvær skulle ein tru at Bykle var i same situasjon. Men slik er det ikkje. Bykle er ein av dei kommunane med lågast sjukefråvær. Men det er ikkje alt. Kommunen er også ein av dei med færrast på uføretrygd. Og arbeidsløysa har lenge vore liten. Det utfordrar nokre økonomiske teoriar. Fører rikdom til sjukfråvær eller gjer det ikkje?

– Pengar er ikkje alt. Bykle kunne også hatt eit høgt sjukefråvær, seier Holm.

Ho meiner det er litt for lett å blåse bort problemstillinga med å seie at kommunen har lukkast fordi den er liten og har god råd.

– Det er korleis pengane blir investert og brukt som er avgjerande. For det er både lett å sløse og å spare seg til fant, uansett kor stor kommunen er, seier Holm.

Vi har problem vi, som alle andre, men på sjukefråvær er vi gode.

Liv Hilde Holm, personalsjef i Bykle kommune

Oppmodar til vidareutdanning

For kommunen som arbeidsgivar satsar verkeleg på dei tilsette. Dei oppmodar alle til å ta tilleggsutdanning, å gå på kurs og å delta i faglege nettverk. Ein av grunnane er ganske enkel.

– Vi er så få her oppe. Som fagpersonar blir vi fort aleine. Då gjeld det å skaffe seg påfyll og faglege oppdateringar andre stader. Dette gjeld til dømes rådmannen. Han har behov for å treffe andre rådmenn. Men det same gjeld alle fagpersonar og særleg når fagmiljøa er små, seier Lien.

Bykle kommune - 03 - foto Eivind Kaasin
– Vi har gode system på det meste vi gjer, fortell Holm. Til dømes får sommervikarar på sjukeheimen opplæring i tre dagar før dei tek til å arbeide. Slik vert vikarane trygge, og ein hindrar uønska stress og at ting går gale.

Frå fattigdom til velstand

For seksti år sidan var Bykle berre nokre fattige fjellgardar, der dei fleste dreiv med geiter. Anleggsverksemd knytt til kraftutbygging og hytteområder har ført til ein enorm vekst i velstanden. No bur det nesten tusen personar i kommunen.

– I Bykle er det mange innflyttarar. Det kan du høyre på den nye dialekta her oppe. Men vi har sjølvsagt nokre etniske setesdølar òg, seier Holm med eit glimt i auget.

Ho fortell at ikkje alle let seg lokke frå byane til ein liten tettstad langt oppe i fjellet. Som andre små kommunar kan det difor til tider vere vanskeleg å få tak i nye medarbeidarar. Med kompetansetiltaka klarer kommunen å halde på dei fleste, og slik vert det mindre behov for å rekruttere nye folk. Tilsette som treng spesiell tilrettelegging vil også lett få det, om det er ei god grunngjeving for det.

– Det gjeld å gjere det vi kan for å halde folk i jobb. Og det klarar vi, seier Holm.

Det kommunen får igjen for satsinga er dyktige medarbeidarar og gode tenester.

– Eg trur mange er stolt over jobben og det vi får til her oppe. Det er bra for ein sjølv og for brukarane, ja for alle. Då er ein i ein positiv sirkel, seier Lien.

– Mykje handlar om korte avstandar, og ønsket om ein god tone og ein god dialog.

Liv Hilde Holm

 

Rådmann i Bykle Tallak Hoslemo
– Politikarane i Bykle er flinke til å gi rammer for bemanning som er tilpassa oppgåvene. Akkurat det har mykje å seie dersom vi framleis skal ha eit lågt sjukefråvær, seier rådmann Tallak Hoslemo.

Få konfliktar

Holm trekk fram evna til å samarbeide og tilliten i kommunen. Ho fortel at det er få konfliktar både på arbeidsplassane og blant politikarane.

– Politikarane her er rause og greie med kvarandre. Den same haldninga finn vi på arbeidsplassane. Eit godt samarbeidsklima mellom tilsette og leiarar kan forklare mykje av trivselen og kanskje også noko av dei låge tala på sjukefråvær og uføretrygd, seier Holm.

Samarbeidet mellom tillitsvalde, verneombod og arbeidsgivar er godt. Men det kjem ikkje av seg sjølv.

– Mykje handlar om korte avstandar, opne dører, å kjenne kvarandre og ønsket om ein god tone og ein god dialog.

No synes Holm det kanskje vert litt i meste laget med sjølvskryt.

– Vi er veldig redd for å bli framstilt som om alt er perfekt. Vi har problem vi, som alle andre, men på sjukefråvær er vi gode. Eg trur den friske fjell-lufta har noko å seie og mange av våre tilsette er aktive på mange område, seier ho.

Om Bykle kommune

  • Bykle kommune har 940 innbyggarar og ligg nord i Aust-Agder.
  • Hovden er eit kjent skisenter og hyttegrend i kommunen.
  • Administrasjon og serviceorgana ligg i tettstaden Bykle.
  • Kommunen har i underkant av 200 tilsette.

Kva kan ein lære av Bykle kommune?

  • Legge til rette for fagleg utvikling og faglege nettverk for dei tilsette. 
  • Tett samarbeid mellom tillitsvalde, verneombod og arbeidsgivar. 
  • Opne dører og kort veg til leiinga. 
  • Arbeide for eit konstruktivt og godt samarbeid både hos administrasjonen og på politisk hald.

Les mer