Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Spørreundersøkinga "Sverigestudien" viser at svenske arbeidstakarar synest det er for lite merksemd på helse på arbeidsplassane deira.

"Sverigestudien" er ei årleg undersøking som blant anna måler kva svenske arbeidstakarar meiner pregar arbeidsplassane deira. Samtidig måler studien kva dei same arbeidstakarane ønskjer skal prege arbeidsplassen.

Årets resultat viser blant anna at jobbhelse får mindre merksemd enn det arbeidstakarane ønskjer seg. Anerkjenning av dei tilsette er også noko mange ser på som viktig, men som dei meiner ikkje pregar dagens situasjon.

Nedanfor er ei oversikt over dei ti orda som flest deltakarar brukte for å beskrive sin nåverande og sin ønskte arbeidssituasjon.

Dagens situasjon  Ønskt situasjon
1. Lagarbeid  1. Tilsettes helse
2. Jakt på kostnader  2. Humor/glede
3. Ansvar  3. Anerkjenning av tilsette
4. Resultatorientering  4. Lagarbeid
5. Humor/glede  5. Ansvar
6. Hierarki  6. Balanse jobb og fritid
7. Engasjement  7. Økonomisk stabilitet
8. Samarbeid  8. Engasjement
9. Forvirring  9. Fleksibilitet
10. Kortsiktigheit   10. Kvalitet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Studien bruker analysemodellen Cultural Transformation Tool (CTT), som er ei videreutvikling av Abraham Maslows behovspyramide. Modellen tar utgangspunkt i menneskelege behov og motivasjonsfaktorar. Dette dannar igjen grunnlag for ei stor mengde ord som deltakarane i undersøkinga kan velge mellom. 

Kilde: Sverigestudien 2014

Les meir om Sverigestudien på www.sverigestudien.se