Tilby arbeidspraksis i samarbeid med NAV
Kunnskap og erfaring gjer det enklare å tilsette ein person med nedsett funksjonsevne. Arbeidsutprøving er eit godt tiltak for å skaffe seg slik erfaring. I samarbeid med NAV kan verksemder tilsette kandidatar i ein prøveperiode. I denne perioden forpliktar ingen av partane seg. NAV betaler lønna og kan bidra med støtte til hjelpemiddel og annan tilrettelegging.
Etter prøveperioden kan verksemda fritt velje å tilsette kandidaten eller å avslutte arbeidsforholdet. Uansett utfall får både kandidaten og verksemda nyttig erfaring. Utprøving gir høve til å bli kjend og finne ut om arbeidstakar og arbeidsgivar passar til kvarandre. Nokre verksemder brukar arbeidsutprøving til å rekruttere nye medarbeidarar. Dei fortel at dette er ein trygg måte å tilsette på, for begge partar. Verksemdene legg vekt på at dei ofte får dyktige, motiverte og lojale medarbeidarar ved å jobbe med inkludering på denne måten.