Ufør om det ikkje var for jobben
– Hadde eg høyrt på legen, ville eg ha vore ufør no, seier Sigmund Østerhus, tilsett ved Marine Harvest Ryfisk. Han veit godt kva god oppfølging betyr.
For nokre år tilbake fekk Østerhus ein alvorleg diagnose. Legen anbefalte uføretrygd. Arbeidsgivar Ryfisk var likevel fast bestemt på å halde han i arbeid. Dei allierte seg med NAV, som betalte alt korttidsfråvær i den første perioden. No er Østerhus i full jobb, og har nesten ikkje hatt fråvær dei siste åra.
– Som ufør hadde eg vore heilt sett til side frå samfunnet. Det er ein enorm forskjell å vere i jobb, seier han.
Ein arbeidsgivar i utvikling
Før kunne ikkje folk leve av jobben på Ryfisk. Arbeidet var ikkje fast, men avhengig av når fiskeleveransane kom. I 2002 skjedde det store endringar. Alle blei fast tilsett, med fast løn. Arbeidsgivaren tok ansvaret for å skaffe folk nok arbeid.
– Før var Ryfisk siste sort, ein arbeidsplass for dei som ikkje fann noko anna. Dette har forandra seg heilt, fortel Håkon Djønne.
Djønne har jobba ved Ryfisk i mange år. Vi spør han om kvifor Ryfisk har så lågt sjukefråvær.
– Dei tilsette er ikkje berre brikker, men blir verdsett. Vi blir spurt og høyrt på. Vi kan seie det vi meiner. Leiinga har forstått at dei må høyre på oss. Vi får ikkje ting tredd ned over hovudet.
Sigmund Østerhus har også ei klar formeining om kvifor dei tilsette på Ryfisk nesten aldri sjukmelder seg.
– Vi blir tekne på alvor. Før fekk vi lite gjennomslag, men no høyrer leiinga på forslaga våre. Leiarane er nær oss, dei går ikkje rundt i kvit skjorte og skremmer folk. Her ved Ryfisk kan vi vere direkte og seie ifrå til kvarandre. Konfliktar går på sak.
– Når leiinga er nær, styrker det samhaldet på arbeidsplassen, legg Håkon Djønne til.
I menyen til høgre kan du lese om oppfølginga av sjukefråvær ved Ryfisk.
-
– Dei tilsette er ikkje berre brikker, men blir verdsett, fortel Sigmund Østerhus.
-
– Når leiinga er nær, styrker det samhaldet på arbeidsplassen, seier Håkon Djønne.