Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Oleana er noko så sjeldsynt som ein vellukka norsk tekstilprodusent. Økonomar fattar ikkje korleis dei får det til. – Vi er ikkje mest opptekne av pengar, men av produktet vårt og medarbeidarane som skal lage det, seier gründerane.

Bak Oleana, som kom til verda i 1992, står tre engasjerte og idealistiske gründerar.

– Me byrja med dette av kjærleik til tekstil og design, og ville vise at det går an å drive i denne bransjen også i Noreg, seier gründer Signe Aarhus.

Pengar ikkje viktigast

– Som tekstilprodusent i Noreg jobbar vi mot straumen, seier Kolbjørn Valestrand, også gründer. – Då kan vi ikkje ha som mål å tene mest muleg pengar. I staden satsar vi på å skape ei trygg bedrift der folk trivast. Slik legg vi til rette for høg kvalitet og endringsvilje i ein utsett bransje.

Tillit lønner seg

– Vi har ei bevisst tilnærming til leiing og eit positivt menneskesyn, fortsetter Valestrand. – Vi trur ikkje på at menneske nødvendigvis må kontrollerast og styrast. Hos Oleana skal vi ha ein flat struktur der vi bryr oss om kvarandre, ikkje eit stivt hierarki.

– Derfor har vi heller ingen tidsregistreringssystem, men baserer oss på tillit, seier Aarhus. – Vi brukar ikkje pengar på å kontrollere og har ein enkel administrasjon som kostar lite.

Alle er viktige

Overskotet går i staden til å sikre ein trygg økonomi og til å investere i dei tilsette. 30-40% går til ein bonus som blir fordelt likt mellom medarbeidarane, uavhengig av lønnsnivå.

– Dette gjer vi for å vise at alle er viktige for å nå felles mål og at teamarbeid er heilt nødvendig for at vi skal lukkast, seier Valestrand.

Heilskap og stoltheit

For å skape motivasjon og arbeidsglede er leiinga i Oleana opptekne av at dei tilsette forstår heilskapen i det verksemda driv med.

– Dei tilsette er dei første som får sjå nye kolleksjonar. Kvart år tek vi alle med på tur, blant anna på messer der Oleana sine produkt blir presentert. Vi reiser til stader som har inspirert designaren vår eller besøker leverandørane våre. Slik får dei tilsette kunnskap om heile verdikjeda, samtidig som vi skaper stoltheit, seier Aarhus.

– Når dei tilsette er stolte ambassadørar for Oleana, då rekrutterer nye og motiverte medarbeidarar nesten seg sjølv, legg dei to gründerane til.

Lønnsamt med IA

Oleana er eit godt eksempel på ei bedrift som tenkjer helsefremjande. Ei slik tilnærming har ikkje berre positiv innverknad på sjukefråveret, ho kan også vere lønnsam og direkte nødvendig for å lukkast i ein konkurranseutsett bransje. Oleana viser også at ein sunn økonomi kan gå hand i hand med inkludering og mangfald:

  • Oleana fekk prisen ”Årets seniorinitiativ” av Senter for seniorpolitikk i 2004.
  • Verksemda har ingen øvre aldersgrense, den eldste tilsette er no 81 år.
  • Oleana har tatt inn fleire personar på IA-plass og har gjort seg gode erfaringar med dette.
  • Det kulturelle mangfaldet blant dei tilsette er stort, noko leiinga bevisst har gått inn for å fremje.