Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

For to år tilbake var Kolstihagen sjukeheim prega av høgt fråvær og konflikt på ein av avdelingane. Eit nærværsprosjekt med støtte frå NAV Arbeidslivssenter viste seg å være riktig medisin. No er tilliten og det gode samarbeidet på plass igjen.

Vi er i Kolstibotn i Bergen. Fargesprakande tre omkransar Kolstihagen sjukeheim. Her møter Idébanken tre damer som kan bevise at grundig IA-arbeid nyttar.

Nærværsprosjekt blei redninga

Vi får først høyre om den vanskelege situasjonen for to år sidan.

 Fråværet var høgt, og på ein av avdelingane hadde ein alvorleg konflikt utvikla seg. Vi fekk pålegg frå både Arbeidstilsynet og Helsetilsynet, fortel Anita Wøbbekind Johansen, konstituert styrar ved Kolstihagen.

Det var i denne situasjonen at NAV Arbeidslivssenter Hordaland tok kontakt for å tilby si hjelp. Snart var sjukeheimen i gang med eit nærværsprosjekt i samarbeid med to IA-rådgjevarar. I dag er situasjonen ved sjukeheimen ein heilt annan.

Tilliten er tilbake

Nærværsprosjektet blei styrt av ei gruppe samansett av tillitsvalte, verneombod, styrar, avdelingsleiarar og NAV. Anita Wøbbekind Johansen fortel at dette blei starten på eit mykje betre samarbeid mellom partane på arbeidsplassen.

 Det var faktisk dei tillitsvalte som styrte heile nærværsprosjektet. Tidlegare var det vanskeleg å få utnemnt tillitsvalte og verneombod. Dei tillitsvalte blei berre kopla inn ved turnusforhandlingar. Verneombodet var inaktivt. No er dei mykje meir aktive, fordi dei er i ein posisjon der dei kan påverke. Vi har no fleire tilsette som stiller til val.

 Det er mykje meir tillit her no, stadfester verneombod Gisela Egeland.

Dugnad gav ryddigare arbeidsplass

Prosjektgruppa konsentrerte seg om HMS-arbeidet og oppfølging av sjukefråvær. Dei tok seg god tid i starten og la stor vekt på å involvere heile sjukeheimen i arbeidet. Ein prosjektdag for alle tilsette blei ein milepæl i prosessen. Tilbakemeldingane herfrå la grunnlaget for det vidare arbeidet.

Nærværsprosjektet blei ei opprydding i HMS- og IA-arbeidet . Prosjektgruppa laga blant anna ein nærværsperm til kvar avdeling der dei tilsette kan finne handlingsplanar, rettar og plikter, lovar og forskrifter, personal- og arbeidsreglement og info om bedriftshelsetenesta.  Leiarane har blitt trygga på oppfølging av sjukefråvær og sjukeheimen har innført "føre var-samtaler" for tilsette som slit.

 IA-rådgjevarane frå NAV har vore heilt fantastiske. Dei hjalp oss å få oversikt og sy forskjellige planar saman. Vi fekk også hjelp til å rydde i gamle fråværssaker, seier avdelingssjukepleiar Anne Berit Karlsen.

Friskare sjukeheim

Sjukefråværet ved Kolstihagen er på god veg nedover. Og skal vi dømme ut ifrå humøret til gjengen vi fotograferte, er det ikkje noko i vegen med stemninga ved sjukeheimen.

 Tilbakemeldinga frå avdelingsleiarane er at sjukeheimen no er prega av ein mykje meir open tone mellom dei tilsette, seier Anita Wøbbekind Johansen.

Tiltak frå nærværsprosjektet

  • Perm på alle avdelingar som inneheld handlingsplanar, rettar og plikter, lovar og forskrifter, personal- og arbeidsreglement og info om bedriftshelsetenesta.
  • Leiarar har "føre var-samtaler" med tilsette som slit.
  • God oppfølging av gravide. Trekantsamtaler med gravid medarbeidar, jordmor og leiar.
  • Den årlege handlingsplanen er basert på innspel frå dei tilsette gjennom vernerundar, tillitsvalte og medarbeidarundersøkingar.
  • Arbeidsmiljøkalender som heng på alle avdelingar. Kalenderen blir laga kvart år av leiarteamet i samarbeid med tillitsvalte, verneombod og representantar frå avdelingane.