Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dei tilsette i produksjonen ved Marine Harvest Ryfisk har ei utypisk pauseordning: Tretti minuttars pause, tre gonger per skift. Produktiviteten har gått opp, og arbeidsgivaren trur ordninga førebygger fråvær.

Produksjonen går for fullt når Idébanken er på besøk på Marine Harvest sitt anlegg på Hjelmeland i Ryfylke. Laks blir sløya, kontrollert, filetert, pakka og sendt ut i Europa. Døgnet er delt inn i tre skift: To produksjonsskift på dagen, og eitt nattskift der heile anlegget blir vaska.

Ny pauseordning

Produksjonen ved Ryfisk er samansett av einsidige arbeidsoppgåver. Pause er derfor viktig. I 2005 innførte verksemda ei ny pauseordning. Dei tilsette har no pausar på tretti minuttar, tre gonger per skift. Pausane er rullerande. Det betyr at ein og ein tar pause, medan dei andre arbeider vidare. For å få ordninga til å fungere har Ryfisk auka bemanninga med 20 prosent.

Mindre stress, høgare produktivitet

– Tidlegare var pausane på 20 minutt. Det blei mykje stress for å rekke både på- og avkleding, ein røyk, litt mat og ein tur på toalettet. I kantina var det mykje folk og trengsel. No får dei tilsette slappe meir av i pausane sine, og det er roleg i kantina. Vi trur dette bidrar til det låge fråværet vårt, seier fabrikksjef Per Magne Gabrielsen.

 Han fortel at produktiviteten samtidig har blitt høgare, blant anna fordi produksjonen ikkje stansar opp på grunn av pausar. Idébanken spør om det ikkje er negativt for arbeidsmiljøet når dei tilsette ikkje har pause samtidig.

– Vi var først skeptiske til dette, redde for at vi skulle miste ein viktig arena for samvær. Men no er alle mykje meir nøgde. Ingen vil tilbake til det gamle systemet, seier produksjonsleiar Odd Fosså.

Rullerande arbeidsoppgåver

Pauseordninga har dessutan fleire fordelar. Rullerande pausar fører også til ei naturleg veksling av arbeidsoppgåver. Etter ei pause kjem dei tilsette alltid tilbake til ei anna arbeidsoppgåve enn den dei hadde før pausen. Dette førebygger keisemd og slitasje.

– For vår del kan dei tilsette byte arbeidsoppgåver så mykje dei vil. Einaste føresetnad er at produksjonen går, seier fabrikksjef Gabrielsen.

Skryt frå eksperten

Magnar Kleiven er lege og ekspert på skift- og turnusordningar. Han blir positivt overraska når Idébanken fortel han om pauseordninga ved Ryfisk.

– Eg har aldri sett ei slik ordning før, ho synast svært raus. Dersom dette ikkje har senka produktiviteten, men auka trivselen og kanskje også redusert sjukefråværet, er jo dette heilt glimrande. Dei positive resultata bør marknadsførast for all verden.

Idébanken har eit eige temahefte om skift-og turnusarbeid som du kan laste ned eller bestille ved å følgje denne lenka: idebanken.org/temahefter
Forside skift og turnus med skygge
Temahefte om skift- og turnusarbeid