Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Seks av dei tilsette ved Radisson Blu Hotell på Trondheim lufthamn gjekk ut i mammapermisjon omtrent samtidig. Då starta hotellet ei mammagruppe.

 I nokre tilfelle sluttar kvinner i jobben etter foreldrepermisjonen, blant anna fordi dei mister kontakten med arbeidsplassen og kollegaene. Vi ville sikre oss at dette ikkje skjedde med våre tilsette, forklarar Flemming Poulsen, direktør ved hotellet.

Enklare å komme tilbake

Mammagruppa blei arrangert omtrent ein gong i månaden medan dei tilsette var i permisjon. Mødrene blei inviterte til hotellet, der dei kunne slå av ein prat med kollegaer og leiarar. Tidspunkt for møta blei annonsert internt slik at folk kunne sette av tid til å komme innom.

 Det skjer mykje i løpet av den tida du er ute i permisjon. Det var store endringar ved hotellet, og mange nye tilsette. Takka vere mammagruppa fekk eg følgje med på det som skjedde på jobben. Det gjorde det mykje enklare for meg å komme tilbake, seier Karin Nordaune, ein av dei som var med i gruppa.

Hyggelig og nyttig

Nordaune fortel dessutan at mammagruppa gjorde noko med arbeidsmiljøet. Dei seks mødrene fekk sjansen til å dele erfaringar og bli personleg kjend med kvarandre. Slikt styrkar samhaldet.

På nokre av møta inviterte hotellet også andre gjester til mammagruppa. Både jordmor og NAV var innom for å svare på spørsmål og gi nyttig informasjon til mødrene.

Vil fortsette

For tida arrangerer ikkje hotellet mammagrupper, fordi dei har få tilsette ute i permisjon. Men direktør Poulsen vil halde på tiltaket.

 Erfaringa med mammagruppe er svært god. Vi startar opp igjen om vi får mange permisjonar på ein gong.