Inspirert av IA i åtte år
Dei signerte IA-avtale i 2003 og er framleis strålande fornøgd. No skal Time Elektro på Bryne fornye avtala, og el-installatøren sitt IA-arbeid går jamt og trutt vidare.
Då Idébanken besøkte Time Elektro for åtte år sidan, traff vi ein dagleg leiar som såg stor nytte av IA-avtalen. Det gjer han fortsatt.
Ein annan verden
– Det blei ein annan verden med IA-avtalen, seier Odd Arne Bakker, som er svært nøgd med Arbeidslivssenteret og IA-rådgjevarane. – Eg fekk hjelp til å ta tak i nokre vanskelege fråværssaker, og sidan har ting gått bra. Eg veit kva for knappar eg skal trykke på og kven eg skal kontakte.
Han trekker fram nyheitsbrevet “IA-nytt” og det rike kurstilbodet som veldig nyttig.
Tett på
Fråværet har lenge vore stabilt lågt på mellom 2,5 og 3%. Bakker trur at dette har med høg trivsel å gjere, og at Time Elektro er ei lita og oversiktleg verksemd.
– Alle kjenner alle, og då blir det lettare å følgje opp dei tilsette. Om eg får hint om at nokon slit på grunn av eit dødsfall, brot med kjærasten eller liknande, då tek eg initiativ til samtale med ein gong, seier han.
Tilrettelegging uproblematisk
Ein annan grunn til det låge sjukefråværet er at dei tilsette no langt oftare kjem på jobb og tek alternative oppgåver i staden for å sjukmelde seg. Bakker fortel mellom anna at han har lukkast med å få gravide arbeidstakarar til å stå mykje lengre i arbeid. Verksemda er godt førebudd på å legge til rette.
– Vi har ei lang liste med ting som må gjerast, men som ikkje krev at du må ut til kundane og skru. Denne lista fyller vi stadig på. Det kan vere oppgåver innan prosjektering, teikning eller dokumentasjon. Dette er meiningsfulle oppgåver, og dei gir eit godt innblikk i korleis heile verksemda fungerer, seier Bakker.
Oppfrisking
No skal altså Time Elektro teikne ny IA-avtale. For Bakker blir det ein ny, frisk start.
– Vi har fått ny IA-kontakt, og det er fint å få friska opp måla og handlingsplanen. Eg har dessutan meldt meg på kurs om psykiske lidingar, noko som dukkar opp oftare og oftare blant dei unge arbeidstakarane. Eg vil gjerne lære meir om korleis dette kan taklast på ein god måte, seier den daglege leiaren.
Les kva Idébanken skreiv om Time Elektro for åtte år sidan ved å følge lenka i menyen til høgre.
-
IA-arbeidet ved Time Elektro rullar vidare.
-
Odd Arne Bakker, dagleg leiar.