Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Etter eit ublidt møte med ei ku sommaren 2006 blei Odd Magne Ervik lenge ståande utanfor arbeidslivet. Tilbod om IA-plass hos K.A. Aurstad AS i Ørsta blei redninga.

Odd Magne Ervik frå Stordal hadde jobba som jordbruksavløysar i 22 år då han braut ryggen etter eit møte med ei ku. Han blei ståande utanfor arbeidslivet i fleire månader. Han prøvde å komme seg tilbake på jobb året etter, men det fungerte ikkje. Han måtte skifte beite.

Fleire forsøk

I samarbeid med NAV blei det laga ein plan for omskolering til anna arbeid. Han tok blant anna lappen på lastebil, men det skulle vise seg å bli ein del nedturar før pila byrja å peike oppover. Vendepunktet tok til då Odd Magne fekk NAV til å tru på at eit kurs i anleggsmaskiner kunne vere tingen. Å køyre slike maskiner var noko Odd Magne hadde drøymt om sidan har var liten gut.

IA-plass

Etter fullført kurs kom utfordringa med å finne ein plass der han kunne få praksis. På grunn av historikken møtte han ein del skepsis hos enkelte arbeidsgivarar. Ein av arbeidsgivarane han kontakta var K.A. Aurstad AS i Ørsta. Dette er ei IA-verksemd, som har såkalla IA-plassar. Personalsjef Jan Reite tok kontakt og fortalte at dei gjerne ville gi Odd Magne tilbod om å få prøve seg i arbeid. Det vart raskt rigga til eit møte der også rådgivar Dagfinn Verpesdal i NAV Arbeidslivssenter var med. Her vart grunnlaget for ein god praksisperiode lagt.

Fadderordning

Odd Magne fekk plass på anlegget ved flyplassen på Vigra. Arbeidsgivar oppnemnde køyretøyrettleiar Stig Bjørkedal som fadder for Odd Magne under praksisperioden.

 NAV sitt nye verkemiddel "Mentor" var derfor naturleg å vurdere, seier Dagfinn Verpesdal. Eg tok kontakt med rettleiar Wietske Middelveld ved NAV Storfjorden som innvilga tilskotet, seier Verpesdal, som nyttar høvet til å rose henne for godt samarbeid i saka.

Fast jobb

Då praksisperioden var over blei det på nytt avtalt eit møte hos K.A. Aurstad. Her vart perioden med IA-plass evaluert og Odd Magne kunne ta imot den gledelege bodskapen om fast jobb.

 Takkar du ja til jobben? lurte personalsjef Jan Reite på. 

 Sjølvsagt! Dette er ein draum som har gått i oppfylling! svarte Odd Magne.

IA-rådgivar Dagfinn Verpesdal seier at det er hans inntrykk at K.A. Aurstad AS også tek godt vare på dei som allereie er tilsett og som får utfordringar med helsa. Han er kjend med fleire tilfelle der dei faktisk har oppretta nye stillingar som er tilpassa arbeidsevna, og sett på dette som ein "vinn-vinn-situasjon". Reite er oppteken av å inkludere personar som har vore ute av arbeidslivet.

 Men, dei må vere motiverte og ha gode haldningar, seier han.

K.A. Aurstad har nettopp mottatt ein IA-pris for sitt inkluderande arbeid. Les meir i Mørenytt!