Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fosdalen Industrier AS har eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft. I samarbeid med NAV lærer dei opp ungdom som slit med å få seg utdanning og jobb. Nokre blir verdifulle medarbeidarar.

På Malm i Nord-Trøndelag, langs Beitstadsundet, ligg eit flunkande nytt industrianlegg. Her held Fosdalen Industrier til, ei verkstadbedrift tett knytt til oljeindustrien. Verksemda treng fleire fagfolk, men dei er vanskelege å finne.

Idébanken møter dagleg leiar Ola Kr. Folladal og hovudtillitsvalt Walfred Andersson, to menn med eit brennande engasjement for lokal ungdom som har falle utanfor arbeid og utdanning. Dei veit at desse unge kan vere ein ressurs for verksemda. Samtidig vil dei gjerne gjere ein innsats for bygda.

Har trua på dei unge

– Ungdomen vår kan ikkje gå på NAV samtidig som vi strever med å finne arbeidskraft. Vi må ha trua på dei og ikkje gi oss, seier Andersson.

Vi får blant anna høyre historia om 23-åringen som lenge sleit med å få seg utdanning og arbeid. Gjennom praksisplassen hos Fosdalen Industrier skaffa han seg fagbrev med toppkarakterar og vart kåra til årets lærling i Nord-Trøndelag. No jobbar han fast hos Fosdalen.

– Vi får vist samfunnsansvar samtidig som dette er ein god måte å rekruttere på. Vi kan lære opp folk akkurat slik vi ønskjer, seier Folladal.

NAV må vere gode

Fosdalen Industrier har starta eit samarbeid med NAV-kontoret i Verran kommune for å gi fleire ungdomar sjansen.

– NAV-kontoret har same trua på ungdomen som oss og har vore svært støttande. Dei ser moglegheiter og vågar å satse. Vi har fått telefonnummer direkte til kontaktpersonane våre. Utan desse engasjerte personane lukkast vi ikkje. Slikt må det bli mykje meir av i NAV, oppmodar Ola Kr. Folladal.

Engasjement og ressursar

Idébanken vil vite kva som skal til for å lukkast med å inkludere ungdom som slit.

– Det er ressurskrevjande. Ein må ikkje gape for høgt. Gjer ting skikkeleg og sett inn godt med ressursar til å følgje opp. Vi har fleire personar inne for tida, men vurderer heile tida kva vi er i stand til, seier dagleg leiar Folladal.

Fosdalen Industrier tar med andre ord ikkje lett på oppgåva. Ein av grunnane til at Idébanken blei tipsa om verksemda er ein usedvanleg engasjert hovudtillitsvalt. Walfred Andersson nøler ikkje med å ringe og mase når lærlingane ikkje kjem på jobb til avtalt tid. Han set seg til og med bilen og hentar dei om det blir nødvendig.

Raus og tydeleg samtidig

Folladal og Andersson har gjort seg opp mange tankar om kva som er viktig når dei skal sluse ungdomar inn i verksemda si. Kanskje er det derfor dei lukkast.

– Du må sjå den enkelte, sjå moglegheitene, gi folk ein sjanse. Ein må sjå med både auga og hjartet. Det er viktig å vere klar og tydeleg, sette krav. Når du jobbar hos oss følgjer du vårt regime, utan slingringsmonn. Samtidig må ein være raus og støttande. Det går an å kombinere dette, seier dagleg leiar Folladal.