Elkem Tana
Triveleg bergverk
Elkem Tana har sidan 2006 redusert sjukefråværet frå 12 til 2 prosent. Medarbeidarane er ansvarsbevisste og trivast godt. Suksessformelen er oppfølging, involvering og grundig HMS-arbeid.
Heilt nordaust i landet, innerst i Tanafjorden i Finnmark, ligg Elkem Tana. Bergverket i Austertana har 40 tilsette og er eit dotterselskap av Elkem. Her produserer dei kvarts som ender opp i alle slags produkt over heile verda, alt frå solceller og elektronikk til kosmetikk, bilar og fly.
Idébanken blir tatt imot av den engasjerte HR-ansvarleg Tove Brandtzæg Utsi, som skal forklare kva som har skjedd med fråværet i verksemda.
– Det er berre å ta vare på folk! Det kostar så lite, seier ho.
Følgjer opp og legg til rette
– Vi hadde ikkje fått dei gode resultata utan Tove sin innsats. Ho følgjer opp og bryr seg om dei tilsette, seier dagleg leiar Rune Martinussen.
Samtidig som dei følgjer opp sine tilsette, er Elkem Tana villige til å strekke seg langt for å legge til rette.
– Vi kan legge mykje til rette. Folk må ikkje alltid ha dei tunge oppgåvene. I ein periode kan vi godt omplassere folk, for eksempel til kontrollrommet.
Ansvar og eigarskap
Ansvarskjensle er eit viktig stikkord hos Elkem Tana. Martinussen fortel om brei involvering av dei tilsette. Organisasjonen er flat og teambasert, inspirert av Toyota og Lean. Kvart team har eit område dei har ansvar for.
– Dette er ein del av satsinga vår på kontinuerleg forbetring. Vi kallar det Elkem Business System, seier Martinussen og understrekar at det handlar om å bli stadig betre, ikkje om å kvitte seg med folk.
Hovudverneombod Astrup meiner denne måten å jobbe på gir ansvars- og eigarskapskjensle blant dei tilsette.
– Før hadde vi ein arbeidsformann som gjekk rundt og fordelte oppgåver. No styrer vi mykje av dette sjølv.
Tryggleik gir trivsel
Martinussen og Utsi fortel om eit svært grundig HMS-arbeid ved Elkem Tana (sjå faktaboks til høgre). Dei er begge overtydde om at tryggleik blant dei tilsette er med på å auke trivselen.
– HMS er førsteprioritet. Vi skal være på topp innan HMS og arbeidsmiljø. Elkem Tana skal være ein trygg arbeidsplass der folk trivast, seier Martinussen.
Godt humør
Tilbake i Oslo får Idébanken e-post av HR-ansvarleg Utsi. Det er ein viktig ting vi må få med i artikkelen om Elkem Tana:
– Godt humør er viktig på ein arbeidsplass, og her ved Elkem Tana har vi nokre herlige historieforteljarar. Det er så bra når alt fungerer ved bedrifta og latteren rungar i pausene og elles. Det er utruleg kva vi kan løyse opp med smil og latter.
HMS-arbeidet ved Elkem Tana
I 2011 vart Elkem solgt til kinesiske China National Bluestar. Elkem har no fått ansvar for heile HMS-systemet i Bluestar-konsernet. Hovudverneombod Asle Astrup trur det gode HMS-arbeidet var ein viktig grunn til at kinesarane kjøpte Elkem.
– 23.februar 2012 feira Elkem Tana fem år utan skader med fråvær, seier han og fortel om ei lang rekke HMS-tiltak ved bergverket i Tana:
- Sikker jobb analyse (SJA): Ei liste med sjekkpunkt som alle skal gjennom før ein jobb skal gjerast. Er det lys nok? For mykje støv? Brannslukkingsapparat?
- Jobbobservasjon: Ein kollega kan spørje om å få observere ein annan. Meininga er å sjå etter feil, men også lære av kvarandre. Alle skal gjere minst to jobbobservasjonar kvar månad.
- Faste vernerundar, tavlemøte og 5 S (sortere, systematisere, skinne, standardisere, sikre) .
- Kontinuerleg kursing og opplæring av leiarar og tilsette.
- Velvære-dagar og Elkem-trim.
- Bonus utbetalast ved få skader, mange jobbobservasjonar og mange innmeldte HMS-avvik.