Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Giske og Godøy omsorgsdistrikt, ei eining i Giske kommune, har erstatta individuelle medarbeidarsamtaler med gruppesamtaler. – Både betre og meir effektivt, meiner einingsleiar Marit Haugan Gjøsund.

Eg rekk ikkje å ha medarbeidarsamtaler med alle mine 70 tilsette, seier Gjøsund. Dessutan er slike samtaler lite eigna til å skape fagleg læring og samarbeid.
Ho var difor ikkje vanskeleg å be då forskar Frøydis Vasset frå Høgskulen i Ålesund og Universitetet i Stavanger ville ha med eininga hennar i eit forskingsprosjekt på effekten av medarbeidarsamtaler i gruppe.

Læring og samarbeid

Gjøsund har no medarbeidarsamtaler med alle tilsette kvart år, og fortel at gruppesamtalen eignar seg godt til å jobbe med haldningar, fag og samarbeid.

Eg er oppteken av at mine tilsette skal være samkjørte og at dei skal utvikle seg fagleg heile tida. I gruppesamtalane oppnår vi ein god dialog og ein veldig konstruktiv dynamikk. Deltakarane er meir opne og aktive. Dei utvekslar erfaringar og synspunkt og blir meir medvitne på kvarandre. Dette styrker oss både fagleg og som team, og slik blir også tenestene til brukarane våre betre.

Medverknad

For å lukkast med gruppesamtalen bør deltakarane få medverke i gjennomføringa.
Leiaren tar ofte for mykje ansvar. Gjennom medverknad oppnår ein at også dei tilsette føler eigarskap til tiltaket, seier forskar Vasset.

I pleie- og omsorgseininga hadde tillitsvald Barbro Dyb Aarseth og verneombud Judith Nordgård ansvar for å sette saman grupper. Begge er veldig nøgde med tiltaket.
Folk er tryggare, meir opne og tilfredse. Vi har blitt flinkare både til å skryte, og til å gi konstruktiv kritikk, seier Dyb Aarseth. For oss er ikkje dette noko sjefen krev av oss, men eit positivt arbeidsmiljøtiltak og eit forum der me kan gi direkte tilbakemelding til kvarandre.

God erstatning

Resultata frå Vasset sitt forskingsprosjekt stadfester både det leiar og tilsette seier. Ho finn at dei tilsette er meir deltakande og opne, samt at læringseffekten er høgare. Medarbeidarsamtaler i gruppe kan altså vere ei god erstatning for den individuelle samtalen.

Dette er heilt klart eit verkty som leiarar i større einingar bør prøve ut, seier Gjøsund.
Personlege samtaler og individuell tilbakemelding tar vi kontinuerleg i det daglege, forklarar ho. Vanskelege og konfliktfylte tema eignar seg ikkje i gruppesamtale, men bør takast ettersom dei oppstår.

Tips til leiar

  • Sett saman grupper med tre tilsette og leiar. Splitt opp etablerte grupperingar. Sørg for at kvar samtalegruppe har deltakarar med ulik kompetanse og ulike roller.
  • Det er viktig med god informasjon i forkant av gruppesamtalane, slik at folk forstår kva som skal skje. Send ut informasjon til kvar tilsett om kva for gruppe dei tilhøyrer og om kva for tema som skal takast opp.
  • Leiaren sin gamle samtalemal kan tilpassast gruppesamtalen. Bruk det du har og regn med ein del prøving og feiling.
  • Sørg for medverknad, slik at også dei tilsette føler eigarskap til samtalen. Til dømes kan tillitsvalt og verneombod ha ansvar for inndelinga i grupper, eller medverke i valet av samtaletema.