Nytt frå forskinga
Mykje av sjukefråværet skuldast vald og truslar
Ein ny studie viser at vald og truslar er den viktigaste grunnen til høgt sjukefråvær blant helse- og sosialarbeidarar. Verksemder har mykje å hente på å jobbe førebyggande.
Den nye studien er frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) og vart gjennomført blant helse- og sosialarbeidarar. Forskarane finn at vald og truslar om vald er den risikofaktoren som har mest å seie for eit høgt sjukefråvær (21 dagar i året eller meir).
Studien blei gjort blant kvinnelege arbeidstakarar og tok omsyn til både alder, utdanning, helse, livsstil og risikofaktorar som tunge løft og uheldige arbeidsstillingar.
Forskarane finn at dei som er utsett for vald og truslar har om lag 70 prosent større risiko for eit høgt sjukefråvær samanlikna med dei som ikkje er utsett.
Ifølge Stami stemmer resultata frå studien godt med liknande forsking frå utlandet.
Det nyttar å arbeide førebyggande
Stami har rekna ut at sjukefråvær kan reduserast med inntil 13 prosent gjennom førebyggande arbeid mot vald og truslar på arbeidsplassen. Også Arbeidstilsynet og partane i arbeidslivet slår fast at mykje kan gjerast for å førebygge vald og truslar. Nokre stikkord er kartlegging, informasjon og opplæring, samt gode rutinar.
Nedanfor finst materiell som kan hjelpe verksemder med arbeidet mot vald og truslar:
- Arbeidstilsynets faktaside om vald og truslar
- Arbeidstilsynets brosjyre om førebygging, handtering og oppfølging av vald og truslar
- Partanes vegleiar og arbeidsbok om truslar og vald på arbeidsplassen