WEBINAR
– Opplæring kan ein aldri få nok av. Då er webinar gull verdt
Korleis få fagleg påfyll i ein travel arbeidskvardag? For Fjord1 blei nettkurs løysinga. No skal NAV-tenesta ut til heile landet.
– Vi var einige om å styrke opplæringa av leiarane våre. Spørsmålet var korleis, fortel Janne Steinhovden, HR-rådgjevar i ferjeselskapet Fjord1 med hovudkontor i Florø Sogn og Fjordane.
Som IA-verksemd fekk ho auga opp for IA-webinar, ei ny teneste frå NAV Arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane. Webinar er eit nettbasert kurs eller seminar.
– Eg tok mange av dei ordinære kursa tidlegare, men eg fekk like stort utbytte av webinara, fortel Steinhovden.
Nettkurs er «gull» i ein travel kvardag
Arbeidskvardagen er travel for mange leiarar. I eit land flust av fjordarmar, fjell og ferjer tek det tid å kome seg att og fram, og det kostar.
– Slik sett er webinara til Arbeidslivssenteret heilt gull, i følge Steinhovden.
– Du kan gjennomføre kurset på din eigen arbeidsplass. Det sparar oss for mykje tid, sidan vi slepp reisetida til og frå kursstaden.
– Eg har til og med delteke på webinar då eg låg heime og var sjuk. Då fekk eg med meg webinaret via smarttelefonen. Det fungerte veldig bra, seier ho.

– Kvaliteten på kursa er god og webinar som undervisningsform er veldig nyttig.
Janne Steinhovden
Obligatoriske nettkurs for leiarar
Alle som jobbar med oppfølging av sjukefråvær i Fjord1 tek no minimum to nettkurs i året.
– Opplæring kan ein aldri få nok av, meiner ho.
Kurstilbodet er variert med tema innan arbeidsmiljø, sjukefråvær, rekruttering og livsfase. Leiarane vel sjølve kva for tema dei ønskjer å lære meir om.
– Kvaliteten på kursa er god og webinar som undervisningsform er veldig nyttig.
– Og så er det jo gratis, legg ho til.
No kan alle melde seg på IA-webinar
Dei nettbaserte kursa starta opp som eit tilbod frå NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. No er det mogleg for verksemder i heile landet å bli med på kursa.
> Klikk her for oversikt på kva IA-webinar du kan melde deg på
OM WEBINAR
Kva er eit IA-webinar?
Eit IA-webinar er eit nettbasert kurs eller seminar.
Kva treng eg for å delta?
Alt du treng for å delta er ei datamaskin/nettbrett/smarttelefon og internett. Dersom du kan sjå ein video på YouTube eller VGTV, så kan du delta på IA-webinar.
Kva skjer på IA-webinaret?
På IA-webinaret vil ein IA-rådgjevar halde eit kurs. Du vil sjå og høyre rådgjevaren og tilhøyrande lysark.
Kan eg stille spørsmål under IA-webinaret?
Ja, det er mogeleg å stille spørsmål undervegs via chat-funksjonen. Vi svarer så raskt vi kan, evt. etterpå dersom det ikkje let seg gjere å svare via chat.
Korleis deltek eg?
Du ser kva melder deg på IA-webinaret på www.nav.no/kurswebinar
I forkant av IA-webinaret vil du få ein e-post med informasjon om korleis du loggar deg på. E-posten vil også innehalde kontaktinformasjon til ein som kan hjelpe deg med oppkopling, dersom du har behov for det.
Anbefalingar
Vi rådar til at du koplar deg på før IA-webinaret startar, slik at du får sjekke at det tekniske fungerer.