Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Feil eller såkalla leiande spørsmål resulterer ofte i misvisande svar. I samtaler om sjukefråvær må leiaren stille opne spørsmål med færrast moglege avgrensingar.

Opne spørsmål kan være: ”Korleis ser du for deg at vi legg arbeidsdagen til rette?” ”Kva slag støtte vil du trenge i tida framover?” (sjå fleire døme nedanfor). Ja- og nei-spørsmål kan kanskje duge i somme samanhengar, men dei innbyr ikkje til konstruktiv dialog. Samtalane blir fort keisame. Den sjukmeldte kan anten seie seg samd eller usamd, utan at vedkomande eigentleg har sagt noko om sine eigne standpunkt, eller situasjonen sin. Lukka spørsmål er dessutan enkle å smette unna. Det held med: ”Nei, det meiner eg og”, eller: ”Ja, du er inne på noko der”.

Unngå kvifor-spørsmål

Kvifor-spørsmål skaper heller ikkje ein god og nyttig dialog. Dei kan oppfattast som bebreidande eller som åtak, fordi leiaren indirekte uttrykker tvil og skepsis. Det er stor skilnad på: ”Kvifor har du ikkje sagt frå tidlegare?” og ”Kva fekk deg til å vente med å seie frå?” Om ein leiar spør: ”Kvifor kan du ikkje utføre dei arbeidsoppgåvene?”, høyrer den sjukmeldte: ”Kva er du for ein stakkar som ikkje klarer å utføre dei arbeidsoppgåvene?” Høgst sannsynleg vil den sjukmeldte respondere med å gå i forsvar. Då går dialogen lett i stå.

Still dei rette spørsmåla

Rette spørsmål tek utgangspunkt i den sjukmeldtes situasjon. Det gir vedkomande sjansen til å svare ut frå eigne føresetnader og preferansar. I praksis inneber dette at leiaren må finne ut kva som kan vere ein god start på samtalen. Menneske er som kjent forskjellige. Situasjonar varierer frå person til person: ”Kva er det rett å spørje den sjukmeldte om her og no?” Leiaren må minne seg sjølv på at det som fungerer i ein samanheng, slett ikkje treng å virke i ein annan. Spørsmåla må varierast i takt med den sjukmeldtes respons. Dersom den sjukmeldte skulle stå fast, gir det lite meining å gjenta det same spørsmålet. Det hjelper heller ikkje å snakke høgare. Dersom ein medarbeidar blir stille og vil tenke seg om, er tida inne for nokre minutts tenkepause. Stilla kan bli opplevd som problematisk, men i vanskelege situasjonar treng mange tid til refleksjon for å finne fram til det rette svaret. Ein kjent feil leiarar gjer i ein slik situasjon er å halde fram å spørje. Endå verre er det å svare på vegne av medarbeidaren.

Prosessorienterte spørsmål er gode døropnarar og effektive hjelparar. Dette er spørsmål som startar med kva og korleis. Prosessorienterte spørsmål inviterer den sjukmeldte til å kome med refleksjonane sine. Dei måler ikkje faktakunnskap, men stimulerer tankeverksemda. Samstundes gir svara ein peikepinn på korleis den sjukmeldte kjem fram til svara sine. Kva- og korleis-spørsmål støttar søkeprosessane i hukommelsen. Dei er gode igangsetjarar, også ikkjeverbalt.

Dersom leiaren vil at den sjukmeldte skal skildre opplevinga si av arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø, er altså ”kva” og ”korleis” dei rette orda. I staden for å spørje ein person ”Var du redd?” og kome i skade for å påverke utilsikta, er det betre å seie: ”Korleis reagerte du?” eller ”Kva tenkte du etterpå, då alt var over?”

Opne spørsmål er ikkje bere stimulerande og godtakande, dei stadfestar også indirekte at leiaren har tillit til den sjukmeldtes evne til både å vurdere sin eigen situasjon og forstå kva justeringar som kan bli naudsynte. Nedanfor følgjer nokre døme:

  1. Korleis har du det?
  2. Kva kan vi gjere for at du skal kunne kome raskare tilbake?
  3. Korleis vil du beskrive arbeidsdagen din?
  4. Korleis kan arbeidsdagen din bli enklare/endå betre?
  5. Kva for arbeidsoppgåve er vanskelege å utføre?
  6. Korleis bør arbeidsdagen sjå ut for at du skal kunne klare den, sjølv om du er delvis sjukmeldt?
  7. Kva tiltak bør vi prøve først?
  8. Korleis ser du for deg vegen vidare?
  9. Korleis ser du for deg det vidare sjukmeldingsforløpet?
  10. Kva vil du helst at vi fortel kollegaene dine om den nye arbeidsfordelinga?
  11. Korleis vil du beskrive arbeidsmiljøet?
  12. Kva synes du er positivt, og kva tenker du kan forbetrast?
  13. Korleis vil du beskrive stressnivået?
  14. Korleis påverkar arbeidsmiljøet sjukefråværet ditt?
  15. Korleis opplever du samarbeidet med kollegaer/leiarar?
  16. Kva motiverer deg mest akkurat no?
  17. Kva oppfattar du som styrkene dine no?
  18. Kva løysingar ser du for deg?
  19. Korleis vil den ideelle arbeidssituasjonen vere for deg akkurat no?
  20. Korleis skal vi halde kontakten i fråværsperioden?
  21. Kva er vi samde om?