Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Samtaler med sjukmeldte kan vere vanskelege. Den sjukmeldte vegrar seg kanskje for å snakke om tilhøve som er problematiske. Kanskje veit ikkje vedkomande heilt kvar han/ho skal starte. I slike situasjonar kan jobbhjulet vere til hjelp.

Jobbhjulet set søkelys på åtte sider ved arbeidsforholdet, slik det går fram av figuren ovanfor. Det gir høve til å utforske og reflektere over ulike delar av arbeidssituasjonen. Kor tilfreds er den sjukmeldte med kvart av felta? Medarbeidaren kan markere eit tal frå 0 til 8, der 8 står for optimalt.

La den sjukmeldte styre gjennomgangen og avgjere kva felt han eller ho ønskjer å snakke om. Inviter den sjukmeldte til å seie noko om kva som kunne ha vore annleis. Døme: ”Kva meiner du skal til for å bli meir nøgd med jobbutfordringane dine?”