Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tana kommune i Finnmark har redusert sjukefråværet kraftig. Oppskrifta er tett samhandling om dei nye reglane for oppfølging av sjukefråvær.

Når Idébanken kjem til Tana Bru er det midt under Finnmarksløpet. Vi er heldige og får oppleve eit hundespann som halsar forbi i det bjørkekledde, arktiske landskapet. Landsdelen her i nord kjem ofte dårleg ut i statistikkar om arbeid og helse. Det finst unntak, skal vi snart få høyre.

– Finnmark har hatt ein formidabel nedgang i sjukefråværet. Tana kommune er ein av dei som utmerkar seg. Dei lukkast med ei aktiv samhandling med Nav og legane. Dette er intensjonen med dei nye reglane for oppfølging av sjukefråvær. Det er ikkje rakettforsking som har gått føre seg her. Dei gjer rett og slett jobben sin, seier Dagfinn Gjerde, leiar for Nav Arbeidslivssenter Finnmark.

Dialogmøte

Kvar veke er det ein fast runde med dialogmøte. Der får tilsette frå kommunen møte lege og Nav, samt eigen einingsleiar og personalleiaren frå kommunen. Møta gjeng føre seg på det lokale Nav-kontoret, der også legane held til.

Helse- og omsorgsavdelinga har hatt den største nedgangen i sjukefråværet. Anu Saari er einingsleiar:

– Dialogmøta gjer det mykje enklare å løyse utfordringar. Når både lege og Nav er med, godtek dei tilsette i større grad dei forslaga som kjem fram, seier ho.

Dagfinn Gjerde er sikker på at denne samhandlinga får ned fråværet.

– Når legen og Nav-kontoret forstår si rolle, arbeidsgivar legg til rette på ein god måte og den tilsette bidrar positivt, då får ein resultat. Vi arbeider no beinhardt med å hindre at folk er 100 prosent borte frå jobb. Heldigvis aukar bruken av gradert sjukemelding jamt og trutt. No skal vi arbeide for å auke bruken av avventande sjukemelding, seier han.

Førebygging

Bjørg Feldt er kommunens IA-rådgivar frå Arbeidslivssenteret. Ho fortel at kommunen no arbeider førebyggande i mykje større grad.

– Det er blitt lov å gå til einingsleiaren før ein har slitt seg ut. Dialogen mellom leiarane og dei tilsette er god, seier ho.

Anu Saari er oppteken av å fange opp ting tidlig, helst før legebesøk og sjukemelding.

– Eg kallar inn til samtale når eg oppdagar noko, for eksempel hyppig fråvær. Den tilsette sjølv kan også be om ei samtale, og eg får ofte tips frå tillitsvalt og verneombod. Under samtala prøver vi å finne ut om problemet er jobbrelatert og korleis vi kan legge til rette. Ved behov avtaler vi eit dialogmøte, forklarer Saari.

Var versting

Tana kommune var ein gong versting på fråvær. Etter at dei blei med i Kvalitetskommuneprosjektet til KS begynte situasjonen å betre seg. Gjennom prosjektet fekk dei tatt opp att reglane og rutinane for oppfølging. Tillitsvalde og verneombod var med i diskusjonane. Kommunen la vekt på grundig informasjon til dei tilsette om tilretteleggingsplikta og medverkingsplikta. Leiarane vart opplært i reglar og rutiner.

– Det er no aksept i organisasjonen for at dette er prinsipielle ting. Dei tilsette er meir bevisste og tar meir ansvar, seier personalleiar Vigdis Blien.

– Rådmannen har gitt tydeleg beskjed om at dette skal vi prioritere. Eg hadde ein litt einsam jobb før, men no er det fleire som drar i lag.

Nett som i eit hundespann, med andre ord.

Les mer

Sykefraværsarbeid

Sykefravær krever tett oppfølging

IA-avtalen har gjort mange virksomheter gode på tilrettelegging og oppfølging av sykefravær. Kontakten med sykmeldte blir prioritert. Engasjerte ledere og godt samarbeid holder trykket oppe. Da kommer resultatene.