Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Korleis kan ein kommune i løpet av tre år gå frå det høgaste til det lågaste fråværet i kommune-Noreg? Svaret er gode relasjonar med lege og NAV.

– Ein kan jobbe på eiga hand med tilrettelegging, oppfølging, arbeidsmiljø og IA-arbeid. Då vil ein sannsynlegvis få ned fråværet til eit visst nivå. Skal du komme vidare, må du ha med deg legane og NAV, seier Tom Ivar Haukland, leiar for stab i Nesseby kommune i Finnmark.

Haukland tar imot Idébanken på Nesseby rådhus innerst i Varangerfjorden. Utanfor snør det horisontalt.

Gode relasjonar og klare mål

– Mi rolle er å sette mål og sørgje for at desse blir nådd. Måla når vi gjennom gode relasjonar til NAV og lege, seier Stian Lindgård, rådmann i Nesseby kommune.

Rådmannen er oppteken av sjukefråværet. Målet er å ligge under 5 prosent. Samtidig ser Lindgård på seg sjølv som ein brubyggjar. Han understrekar at ein må samle dei aktørane som er viktige i arbeidet med sjukefråvær, det vil seie Nav, lege, personalfolk og leiarar.

– Får du med deg dei på laget, går fråværet ned. Garantert.

I Nesseby ligg mykje til rette for god kontakt mellom aktørane. Kommuneoverlegen er tilsett i kommunen og slik ein del av organisasjonen. Det same gjeld NAV-leiaren. Alle kjenner kvarandre og det er lett å ta kontakt. Rådmannen og kommuneoverlegen treffast til dømes ein gong i veka. Samarbeidet er forholdsvis uformelt, men likevel effektivt.

– Ein må bli kjend med kvarandre og bli einige om at ein arbeider mot det same målet, seier Haukland.

Finn alltid ei løysing

Lindgård og Haukland peiker også på dei nye reglane for oppfølging av sjukefråvær som ein viktig grunn til nedgangen i fråværet. Legen i Nesseby har tatt dei nye reglane på alvor. Avventande og gradert sjukemelding blir stadig meir brukt. Samtidig er kommunen god til å legge tilrette.

– Vi legg lista for tilrettelegging lågt. Vi finn ei løysing uansett, i alle fall for ein periode. Til dømes kan tilsette få oppdatere seg på fag i staden for å sjukmelde seg.

Kommunen er kanskje liten, men både Lindgård og Haukland understrekar at arbeidsoppgåvene og mulegheitene er mange.

Ein del kritikk

Den nye måten å arbeide på har ikkje vore uproblematisk. Lindgård og Haukland fortel om kritikk mot legen og NAV i lokalpressa etter at praksisen har blitt strengare.

– Dei fleste reagerer likevel positivt. På sikt er dette eit gode for dei tilsette. Vi unngår å støyte folk ut av arbeid, seier Lindgård.

Kommunen er no oppteken av å gje legen støtte. Dei understrekar at den nye praksisen er fullt ut medisinsk forsvarleg.

Gode ringverknader

Nesseby kommune får igjen for innsatsen.

– Vi sparer pengar på eit lågare sjukefråvær, det er heilt klart. Det viktigaste er likevel at vi får betre tenester og meir fornøgde innbyggarar. Verksemdene elles i kommunen har faktisk også fått lågare sjukefråvær. Arbeidet vi gjer i kommunen verkar å ha ein smitteeffekt på det lokale næringslivet, seier Lindgård.

Avventande sjukemelding

På sjukemeldingsblanketten kan lege velge å krysse av for avventande sjukemelding. Avventande sjukemelding er ei melding om at sjukemelding kan unngås dersom arbeidet blir lagt til rette. Dette bidrar til dialog mellom lege, arbeidsgivar og arbeidstakar. Om det er mogleg å få tilrettelagt arbeid, unngår ein sjukmelding. Avventande sjukmelding er aktuell i arbeidsgivarperioden (første 16 dagar). Legen skal alltid fokusere på kva for mulegheiter den sjukmeldte har til tross for sjukdom.

Les mer

Sykefraværsarbeid

Sykefravær krever tett oppfølging

IA-avtalen har gjort mange virksomheter gode på tilrettelegging og oppfølging av sykefravær. Kontakten med sykmeldte blir prioritert. Engasjerte ledere og godt samarbeid holder trykket oppe. Da kommer resultatene.