Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ny organisering av reinhaldarane gav betre tenester, sparte kommunen for store summar og fekk ned sjukefråværet.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar. Mange er interessert i å vite kva me har gjort for å lukkast så bra og korleis vi jobbar med HMS (Helse, miljø og sikkerhet), innkjøp, tilrettelegging og sjukefråvær, seier reinhaldsleiar Aud Jorunn Tordal i Tysvær kommune.

Personal og organisasjonssjef Kristin Helle fortel at reinhaldsavdelinga har fått ny innkjøpsavtale. Den sparar kommunen for mellom 300 000 og 400 000 kr i året.

– Det er mange pengar. I tillegg har sjukefråværet blant reinhaldarane gått ned frå 12,4 prosent til 9,1 prosent. Også det sparar kommunen for mange kostnadar og har mykje å seie for kvaliteten på arbeidet og for trivselen i arbeidsmiljøet, seier ho.

Brå vending til det betre

For å få eit inntrykk av omstillinga dei tilsette har vore igjennom, må me spole tilbake til 2012. Den gongen var alle reinhaldarane tilsett i bygget der dei jobba, på skular, i barnehagar, på kulturhuset osv.

– Utstyret var forskjellig, nokon hadde topp utstyr, medan andre mangla eller hadde dårleg utstyr, fortel Aud Jorunn Tordal.

Også arbeidstida var det mindre kontroll med.

– Før var det mange fleire som jobba utanfor normalarbeidstida. No vil vi ha flest mogleg innanfor normal arbeidstid 06.00-17.00.

Budsjettet var det same som no, men spreidd organisering gjorde at dei fekk mindre ut av kvar krone.

– Om eg hadde bruk for ein ny støvsugar måtte eg spare heile året for å sjå om det var pengar igjen til å kjøpe ein. No får eg det eg har bruk for, fortel Ann Elin Nordgård, som også er tillitsvald.

Tysvær 03 - Foto Eivind Kaasin

– Dei tilsette må ha arenaer der dei kan møtest, kjenne seg trygge og tørre å seie si meining.

Aud Jorunn Tordal, reinhaldsleiar

Proff leiing

Den store endringa kom då reinhaldarane blei samla i éi avdeling.

– Me tilsette ein reinhaldsleiar som sjølv hadde vore reinhaldar i mange år. Det var eit klokt val, fortel personal og organisasjonssjef Helle.

– Om Aud Jorunn er det berre å seie at dette er leiing på høgt nivå, seier ho og legg til:

– Suksessfaktoren er eigentleg Aud Jorunn si evne til å involvere alle. Ho seier alltid «me har fått til”, ”me gjer det slik” osv. Dette er noko avdelinga har fått til saman, og det er mykje.

Fag og dialog

Fagkunnskap, godt utstyr og høve til å snakke saman, er nøklar til suksessen.

– Dei tilsette må ha arenaer der dei kan møtest, kjenne seg trygge og tørre å seie si meining. Difor har me organisert oss i mindre soner. Det er viktig at arenaene ikkje blir for store, seier Tordal.

Eit viktig omsyn er at ikkje alle er like stødige i norsk.

– På det meste har me hatt folk frå 16 nasjonar i avdelinga. Då må ein sjå til at at alle forstår kvarandre og får god opplæring. Dette blir lettare å få til i mindre soner.

Tysvær 04 - Foto Eivind Kaasin

– At me har fått lov å vera med og utvikle løysingane er ekstra morosamt og gjevande for oss.

Ann Elin Nordgård, tillitsvald

Mykje å hente i HMS-runder

Jevnlige HMS-runder synte at ein trong mange små og større tiltak rundt om på dei ulike bygga.

­– Me gjorde ei risikokartlegging av kvar arbeidsstad. Etter tiltaka ser me framgangen og kan følge med på utviklinga. Me får synlege resultat og ser at dei blir betre for kvar gong. Fokus på HMS-arbeidet er viktig og krevande, seier Tordal.

Smarte, nye løysingar

Eit tiltak har vore å utvikle nytt utstyr saman med eit lokalt firma. På bordet ligg bilete av ulike lemmar som gjer det lettare for reinhaldarane å få utstyret opp og ned trapper og over dørtersklar.

– Med desse lemmane unngår vi unødvendige belastningar, seier Ann Elin Nordgård.

– Det er ikkje berre løysingane i seg sjølv som tel. At me har fått lov å vera med og utvikle løysingane er ekstra morosamt og gjevande for oss.

Betre samarbeid med leverandørar

Reinhaldsavdelinga har blitt ei stor eining no og er tilsvarande interessant for leverandørane. Eit resultat av dette er innkjøpsavtala som ga store innsparingar. Eit anna er at avdelinga ofte blir spurt om å prøve ut nytt utstyr.

– Me har testa mykje utstyr, som til dømes moppar og traller. Å få vera med og vurdere produkta har mykje å seie for den faglege interessa, seier Tordal.

Avdelinga har også vore på fagtur til Bergen, på vitjing til ein leverandør og ein skule der.

– For oss er dette noko nytt og stort. Turen gav fagleg utbytte og ikkje minst var det herleg reint sosialt. Me blei betre kjend med kvarandre på ein annan måte. No kjenner me oss meir og meir som eit lag, seier ho.

Tillitsvald Ann Elin Nordgård legg til at mange har fagbrev og at endå 11 er interessert i å ta det.

– Interessa for faget er stor no, seier ho.

Tysvær 05 - Foto Eivind Kaasin

– Før spurte me om kva som er vitsen med vernerundar. No har me eit nytt skjema og får til gode rundar.

Jeanette Torgersen, stedfortreder

Ein å rekne med

I Tysvær kommune er dei blitt meir medvitne om reinhald. Det er gjerne tema både i arbeidsmiljøutvalet og på leiarmøter. I prosjekt av nye bygg og rehabiliteringsjobbar blir avdelinga bede om å seie si meining om materialval og utforming av reinhaldsrom.

– Det er større krav no. Me har fått ei profesjonalisering av tenesta. Det har vore utruleg artig å vere med på, seier Tordal.

Lågare sjukefråvær

Sjukefråværet har gått merkbart ned under og etter omstillinga. Fagleg utvikling og godt samarbeid med støttespelarar som verneombod, tillitsvalde, folk frå personalkontoret, bedriftshelsetenesta og NAV arbeidslivssenter har vore til stor hjelp, ifølge Tordal. 

– I tillegg har me fått mykje betre utstyr. Bruk av skulder til skulder-metoden i opplæringa gjer at me lærer meir av kvarandre, seier ho og legg til:

– Me kan ikkje seie det sikkert at mindre sjukefravær er på grunn av omorganiseringa og alt me har gjort med den, men me håper og trur det.

Tysvær 08 - Foto Eivind Kaasin

– Fagleg interesse og stoltheit trur eg påverkar lysta og evna til å vere på jobb.

Kristin Helle, Personal og organisasjonssjef 

Mykje å lære

Kristin Helle peikar på at mange kan ha mykje å lære av reinhaldsavdelinga, både i Tysvær og i andre kommunar.

– Dei har gjennomført ei omstilling med veldig få, negative tilbakemeldingar. Å bruke nok tid på omstillinga var smart. Dei har tatt det litt etter litt, late det modne. Dei involverer dei tilsette. Alle får vite kva som skjer slik at dei kjenner seg trygge. Oppå alt dette har dei fått vere med på å tenke nytt og utvikle arbeidsplassen og hjelpemidla. Fagleg interesse og stoltheit trur eg påverkar lysta og evna til å vere på jobb.

Om Tysvær kommune

  • Tysvær kommune har om lag 11 000 innbyggarar og er ein nabokommune til Haugesund i Rogaland.
  • Reinhaldsavdelinga har 47 faste tilsette og nettverk med 15-20 vikarar
  • Sjukefråværet dei siste åra:
    • 2013: 12,4%,
    • 2014: 10,7%
    • 2015:  9,1%

Les mer

Sparebank_02_web

Nøkler til en god omstilling

9. juni 2016

Hos SpareBank 1 Oslo Akershus har de vært gjennom mange omstillinger. Her er noen av deres erfaringer.

Tillit

Mer tillit i aktive IA-bedrifter

IA-arbeid skaper tillit. Det hevder engasjerte ledere og tillitsvalgte i IA-bedrifter. De har tro på å lykkes sammen og de blir motivert av selve samarbeidet. IA-avtalen er rammen som skaper rom for den økte tilliten.