Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

I nettverket ”Nettopp Bømlo” utvekslar eit førtitals verksemder erfaringar og lærer av kvarandre. 22.november feira dei 10-års jubileum, men samarbeidet har røter langt tilbake i tid.

Rundt 40 verksemder møtast to gonger i året. Dei er både store og små, med og utan IA-avtale.

Oppdatert

Møta gir moglegheit til erfaringsutveksling rundt sjukefråværs- og nærværsarbeid. Samtidig får verksemdene informasjon og opplæring om aktuelle tema frå NAV og andre støttespelarar (sjå faktaboks til høgre).

Nils Gunnar Gloppen er leiar i Finnås Kraftlag, og har vore med i nettverket sidan starten.

– Vi har berre positive erfaringar og har lært mykje gjennom nettverket, seier han. – Det er ein fin måte å halde seg oppdatert på. Dessutan har vi fått eit tettare forhold til NAV og dei som arbeider der. Vi veit meir om kva NAV driver med og korleis dei kan hjelpe oss.

Intern omplassering

Verksemdene i ”Nettopp Bømlo” utvekslar ikkje berre erfaringar og idear. Dei hjelper kvarandre også med blant anna omplassering av arbeidstakarar som slit. Ved fleire tilfelle har arbeidstakarar bytta jobb internt i nettverket, nokon har til dømes gått frå jobb i barnehage til arbeid i industrien.

God forankring

Gloppen og dei andre arbeidsgjevarane har med seg sine tillitsvalte eller verneombod til nettverksmøta, noko som sikrar at begge partar får same informasjon. Dette fører til ei betre forankring i verksemdene.

– Gjennom nettverket får eg all info eg treng i forhold til IA, nye reglar og aktuelle tema. Eg synest det er positivt at vi snakkar mykje om HMS og førebyggjande arbeid, det er dette eg er mest oppteken av, seier Petter Andreassen, hovudverneombod i Wartsila. – Dessutan er nettverket ein fin møteplass kor ein kan knytte kontaktar.

Etterspurt

Det er NAV, representert ved lokalkontoret og arbeidslivssenteret, som er pådrivar og organisator. Dei er stadig på jakt etter nye deltakarar. Jens Erik Hansen, avdelingsleiar ved NAV Bømlo, er primus motor og var med i oppstarten av ”Nettopp Bømlo” for ti år sidan. Han får skryt for jobben han gjer for næringslivet i området. Likevel er det ikkje berre hans engasjement som held liv i nettverket.

– Nettverket har røter tilbake til 50-tallet, fortel han. – ”Nettopp Bømlo” er ei formalisering av strukturar som har eksistert lenge. Næringslivet her i Bømlo og Sunnhordland er prega av svært mange små og mellomstore bedrifter, så behovet for å samlast har vore og er stort. Om eg ikkje let høyre frå meg på ei stund og utset nettverksmøta, tek verksemdene raskt kontakt for å høyre kva som skjer. Nettverket forpliktar oss.

Tema for nettverksmøtene

– Nettverket er ein veldig fin måte for oss å få ut informasjon på, ettersom vi når direkte ut til personalavdelingar og leiarar, seier Jens Erik Hansen frå NAV Bømlo.

  • Reglar for oppfølging av sjukmeldte arbeidstakarar
  • Rekruttering
  • Hjelpemiddel på arbeidsplassen
  • Tenestetilbodet til HMS Senter Bømlo
  • Tenestetilbodet til Sunnhordland Industri
  • Samarbeid arbeidsgjevar – NAV – lege
  • Presentasjon av tiltaket ”Arbeid med bistand”
  • Sjukefråvær som skuldast psykisk sjukdom
  • Informasjon frå legar
  • Arbeidstakar og arbeidsgjevar sine rettar og plikter
  • Arbeidsmarknaden i Sunnhordland
  • Yrkesskade – kva er det og kva saksbehandling skjer?
  • NAV-reforma
  • Presentering av oppfølgingstenesta for vidaregåande opplæring
  • Omstilling i arbeidslivet – kjenslemessige reaksjonar
  • Regelverk ved permittering
  • Årsaker til sjukefråvær
  • Ny pensjonsordning
  • Alternative tiltak for sjukmeldte arbeidstakarar
  • NAV sitt behandlingstilbod for sjukmeldte arbeidstakarar
  • Bruk av nav.no