Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sjukefråværet ved Marine Harvest avdeling Ryfisk ligg stabilt på eit mykje lågare nivå enn snittet i bransjen. Fråværet er dessutan lågare enn ved tilsvarande anlegg i same konsern. Idébanken tok turen til Ryfylke for å finne ut kvifor. Det handlar om kultur, får vi høyre. Men kva tyder det?

Først ein flott ferjetur frå Stavanger til Tau. Så ein like flott biltur langs Ryfylkevegen. Vi kjem fram til Hundsnes ved Hjelmeland. Det er som vi er komne til eit nordnorsk fiskevær. Her foredlar Ryfisk tonnevis med laks som dei sender ut i Europa.

Gjere det same i mange år

Idébanken får møte fire av leiarane ved Ryfisk. Vi spør om kvifor sjukefråværet er så mykje lågare her enn ved andre anlegg i konsernet. Det tar ikkje lang tid før den første nemner ordet kultur. Dette har vi hørt før, men kva tyder det?

– Kulturbygging er å gjere det same i mange år. Det har vi gjort. Vi begynte å ta skikkeleg tak i sjukefråværet for rundt ti år sidan. Vi var tidlegare ute med IA-arbeidet enn resten av konsernet, seier fabrikksjef Per Magne Gabrielsen.

Opptekne av oppfølging

Ryfisk fekk IA-avtale i 2004. Gabrielsen forklarer at dette hjelpte verksemda til å systematisere arbeidet med oppfølging og førebygging. Dessutan fekk leiarane skikkeleg opplæring.

– Vi har vore opptekne av tett oppfølging lenge no. Vi vil at folk kjem til oss om dei trur det kan bli fråvær. Slik kan vi finne løysingar. Dei tilsette må komme på jobb med det som er friskt. Vi legg til rette, seier produksjonsleiar Odd Fosså.

– Vi har fått fantastisk oppfølging frå NAV Arbeidslivssenter i Stavanger, legg Gabrielsen til.

Ikkje gå til legen!

Ryfisk samhandlar godt med legane og NAV i kommunen. Alle legane har besøkt anlegget. Dei har fått sjå dei alternative arbeidsoppgåvene Ryfisk kan tilby. Verksemda har også laga ei liste med over tretti meiningsfulle tilretteleggingstiltak. Likevel ønskjer dei helst at legen blir minst mogleg involvert.

– Ikkje gå til legen, seier vi til våre tilsette. Kom og avtal sjukemelding med oss. Her på huset er eigenmelding meir legitimt enn sjukemelding frå legen. Vi utvida faktisk eigenmeldingsordninga før IA-avtala, fortel Gabrielsen.

God leiing er nøkkelen

Vi aner at leiinga ved Ryfisk har klart for seg kva oppfølging eigentlig handlar om: Ikkje om å følge rutiner, men om å ta vare på dei tilsette. Dette stadfester ein av medarbeidarane, som har lang erfaring frå verksemda.

– Det er leiinga som har etablert ein kultur over lang tid. Dei tilsette er ikkje berre brikker, vi blir verdsett, seier Håkon Djønne.

Ein kultur oppstår når prosedyrer og rutiner blir til haldningar, konkluderer vi. Ein slik kultur er det verdt å halde på, noko Ryfisk gjer heilt bevisst.

– Vi rekrutterer mange leiarar internt, for å halde på kulturen. Samtidig er kontinuitet svært viktig. Ansienniteten byrjar å bli farleg høg blant leiarane våre, smiler Per Magne Gabrielsen.

I menyen til høgre kan du lese meir om kva dei tilsette ved Ryfisk fortalte oss.

Neste veke kan du lese om den smarte pauseordninga til Ryfisk.

Sjukefråværet ved Ryfisk

  • Fråværet dei siste tolv månadene har lege mellom 0,5 og 3 prosent.
  • Ryfisk har 92 ansatte. 30 % er kvinner.