Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Eit solid verdigrunnlag og bosnisk hjartevarme held fråværet lågt ved Scandic i Kristiansand.

Rett ved Bystranda i sørlandsidyllen Kristiansand ligg eit flunkande nytt Scandic-hotell. Det er hektisk aktivitet når Idébanken kjem på besøk berre nokre dagar før opninga. Likevel har hotelldirektøren og husøkonomen tid til eit intervju om sjukefråvær og arbeidsmiljø ved det noverande hotellet.

Semsa-metoden

Scandic Kristiansand har hatt eit svært lågt sjukefråvær dei siste åra. Dette gjeld også avdelinga for reinhald. Idébanken vil vite kvifor.

 Eg kallar det Semsa-metoden, seier direktør Håvard Solum.

Han lener seg framover og snakkar entusiastisk om korleis husøkonomen Semsa Muraspahic leiar avdelinga si. 

 Det er godt å være i avdelinga til Semsa! Ho tar vare på jentene og gutane sine. Det handlar om å bygge tillit og lojalitet. Ho er ikkje berre ein leiar, men også eit medmenneske. Ho gir mykje, og får mykje tilbake. Semsas tilsette kjem på jobb fordi dei ikkje vil la ho i stikken.

Management by walking around

Muraspahic ser noko brydd ut av alle godorda. Men ho snakkar om leiarskap med same entusiasme som sjefen. Husøkonomen er oppteken av å være til stades.

 Du kan ikkje bli sitjande på kontoret. Du må være saman med dei tilsette. Observere. Spørje viss du ser at noko ikkje stemmer. Hjelpe til med reingjeringa av eit par rom om nødvendig. Det handlar ikkje om å kontrollere, men om å støtte og motivere. Eg vil skape samhald og god atmosfære.

Løyse små problem

Muraspahic fortel at ho gjerne lar tilsette ta kvelden tidleg om dei slit, utan at dei får mindre betalt av den grunn.

 Det skaper lojalitet. Og då kjem folk på jobb trass i småplager.

 Vi er opptekne av å løyse små problem for dei tilsette. Det er omtanke i praksis. Vi gir for å få. Samtidig stiller vi like høge krav som alle andre, seier Håvard Solum.

Ekte verdiar

Skal vi tru hotelldirektøren, har Scandics verdigrunnlag mykje å seie for leiarkulturen ved hotellet.

 Ein av verdiane våre er omtanke. Denne har vore med oss lenge og er verkeleg meir enn eit ord. Vi vil ta vare på kundar, miljøet og ikkje minst eigne tilsette. Leiarane våre skal ha haldningar som passar inn i dette. Når eg intervjuar nye leiarar, ser eg etter desse verdiane. Eg merkar kjapt når dei ikkje er til stades.

Solum fortel at dei har jobba mykje med verdiane på kvar enkelt avdeling. Målet har vore at avdelingane skal komme fram til kva verdiane betyr for dei, heilt konkret.

Involvert i styre og stell

Ved Scandic Kristiansand blir dei tilsette også involvert i den økonomiske styringa. Hotellet sine driftsmøte blir brukt aktivt. Alle i leiargruppa går gjennom og diskuterer dei økonomiske resultata.

 Eg er oppteken av at alle avdelingsleiarane skal ha eit aktivt forhold til budsjett og økonomiske rapportar. Alle må være bevisste på mål, resultat og krav som blir stilt. Avvik krev ei forklaring, seier Solum.

Han hevdar at dette er noko som gir arbeidet ved hotellet meir meining.

 Når vi har fellesmøte om resultata våre, er det mange som engasjerer seg. Dei tilsette synast det er interessant. Dei vil lære og utvikle seg fagleg. Det er ikkje berre lønna som betyr noko!

Scandic i Kristiansand

  • Denne saka handlar om Scandic sitt hotell i Markens gate i Kristiansand. 5.juni 2013 opna eit nytt Scandic-hotell ved Bystranda. Det gamle hotellet vil etter kvart skifte eigar.
  • Nye Scandic Kristiansand Bystranda har 229 rom og 814 senger, og er det største hotellet mellom Sandefjord og Stavanger.