Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ved Rehabiliteringssenteret AIR er dei ekspertar på å hjelpe menneske til å mestre eit liv i arbeid. No har dei fått IA-pris fordi dei bruker kunnskapen på seg sjølv. Idébanken tok turen for å finne ut korleis dei tenkjer.

På tunet til Rehabiliteringssenteret AIR står ei høgreist statue og strekker seg mot den grå hausthimmelen. "Vilje og vekst" heiter kunstverket. Det er nesten litt synd at det ikkje heiter "Liv og lære". Denne historia handlar nemleg om akkurat det.

Ekspertar på IA

AIR-5
Direktør Svein Kostveit og AIR fekk IA-pris i mai for sitt gode arbeid. No har dei også fått Idébankens hoptimist.
– Det er jo ikkje alltid skomakarens ungar har gode sko, men den fella har vi ikkje gått i. Vi greier å leve som vi lærer. Bank i bordet.

Det seier en smilande Svein Kostveit. Han er direktør for Rehabiliteringssenteret AIR. Hit kjem langtidssjukemeldte for å finne vegen tilbake til arbeid. I tillegg til behandling driv senteret med forsking og fagutvikling. Dei er leiande i landet på området arbeidsretta rehabilitering (sjå faktaboks nederst i saka).

Denne spisskompetansen brukar senteret også til å jobbe med eige arbeidsmiljø. I mai fekk dei IA-prisen for Telemark.

Høgt nærvær i mange år

AIR har hatt eit stabilt lågt sjukefråvær over ein lang periode.

– Normalt ligg vi på mellom 3 og 4 prosent. Når vi ikkje har langtidssjukemeldingar på grunn av alvorleg sjukdom, er vi nede i 1 til 2 prosent, seier Svein.

Han fortel at AIR har valt å samle ansvaret for oppfølging av sjukefråvær hos færre leiarar. Slik vil dei sikre at oppfølginga er profesjonell.

– Det er vanskeleg å seie kva verknad dette har hatt, men fråværet byrja i alle fall å gå ned då vi gjorde det, seier direktøren.

Svein fortel også om eit tett og godt samarbeid med NAV Arbeidslivssenter i Telemark.

– Dei har hjelpt oss med viktig kompetanse og nyttige verkemiddel. Saman har vi klart å løyse vanskelege tilfelle der tilsette risikerte å hamne utanfor arbeidslivet. Kontaktpersonen vår ved arbeidslivssenteret har vore særs løysingsorientert. Det har smitta over på oss.

Tett på dei tilsette

AIR-7
Gro Karsten Skarholt leiar klinikken ved AIR. Ho er tett på både brukarar og tilsette. Foto: Privat
Gro Karsten Skarholt er leiar for klinikken ved AIR og har eit betydeleg personalansvar.

– Det å handtere eit personale er eit fag. Det er mykje ein skal ha i tankane: Mestring, stress, organisering, balansen mellom arbeid og familie. Derfor følgjer eg dei tilsette tett. Eg tek pulsen heile tida. Dørterskelen min skal være låg. Det skal være ufarleg å kontakte meg, seier ho.

Randi Jøsendal Johansen byrja å jobbe ved AIR som kommunikasjons- og webansvarleg for eit halvt år sidan. Ho peikar på det same.

– Leiinga her er tydeleg. Samtidig er det enkelt å ta kontakt. Ein kan ta opp kva som helst, seier ho.

Gode på å handtere konfliktar

Ifølge leiarane har AIR eit arbeidsmiljø prega av tillit.

– Vi driv ikkje med baksnakking og nedsnakking av kvarandre. Vi møter kvarande på ein skikkeleg måte. Sjølvsagt er vi usamde av og til, men det er lite misnøye her, seier Gro.

Direktøren og leiaren for klinikken forklarar at dei er opptekne av å handtere konfliktar og usemje på ein god måte. For ei tid tilbake gjekk senteret gjennom ein stor og involverande prosess. Leiinga jobba saman med tillitsvalte og verneombod for å avklare roller og prosedyrar for konflikthandtering.

– Vi må ikkje la uløyste problem liggje å forsure arbeidsmiljøet, seier Gro.

Det er mange konfliktar der ute. Verksemdene bør bli flinkare til å handtere dei.

Kristin Grønvold, arbeidskonsulent

Kristin Grønvold er arbeidskonsulent ved AIR. Ho legg også stor vekt på god konflikthandtering.

– Eg opplever at konfliktar ofte er årsaken til at folk kjem hit til AIR. Det er mange konfliktar der ute. Verksemdene bør bli flinkare til å handtere dei, seier ho.

AIRs råd til arbeidsgivarar

  • Sjå etter ressursane og potensialet. Ikkje forvent at tilsette kan arbeide 100 prosent med ein gong dei kjem tilbake frå rehabilitering. Vegen tilbake til arbeid kan være lang.
  • Skap aksept i verksemda for at nokre tilsette av og til treng å ha ein annleis arbeidssituasjon, for eksempel å sleppe nattevakter eller ha kortare arbeidsdagar. Prøv å skape motivasjon blant dei tilsette for å støtte opp rundt slike løysingar.
  • Sørg for gode rutinar for oppfølging av sjukemeldte. Leiarane som skal følgje opp må vite kva dei gjer.
  • Jobb med å bli betre på konflikthandtering. Avklar roller og lag klare prosedyrar.
  • Bruk NAV Arbeidslivssenter aktivt. Dei har god kompetanse og nyttige verkemiddel.

Om AIR

  • Rehabiliteringssenteret AIR har to einingar:
    • Ein klinikk som er del av spesialisthelsetenesta og tilbyr arbeidsretta rehabilitering
    • Eit nasjonalt kompetansesenter som har som oppgåve å utvikle og styrke fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • AIR er eit ideelt aksjeselskap. Både partane i arbeidslivet og store norske verksemder er eigarar. LO-leiaren sit i styret.
  • Senteret ligg på Rauland i Telemark og har 80 tilsette (for eksempel fysioterapeutar, legar, psykologar og arbeidskonsulentar).
  • AIR arrangerer kvart år konferansen Åpen arena. Her møtast aktørar frå arbeidslivet og helsesektoren for å finne nye løysingar på felles utfordringar. 

Om arbeidsretta rehabilitering

  • Arbeidsretta rehabilitering handlar om å hjelpe menneske tilbake til arbeidslivet.
  • AIR si behandling er døgnbasert og går over fire veker. Brukarane blir følgt opp av eit tverrfagleg team. Målet er å finne nye strategiar for mestring og overføre desse til arbeidslivet. AIR har tett kontakt med arbeidsgivar både før, under og etter opphaldet.
  • Både personar på sjukepengar og arbeidsavklaringspengar (AAP) frå NAV er i målgruppa for arbeidsretta rehabilitering.
  • I tillegg til AIR finst det fleire institusjonar over heile landet som tilbyr arbeidsretta rehabilitering.
  • AIR er no i gang med ein stor, randomisert effektstudie av eige behandlingsopplegg. Studien skal samanlikne AIRs intensive og døgnbaserte tilbod med eit lengre, dagbasert behandlingsopplegg ved Sjukehuset i Telemark. Målet er å få meir detaljert kunnskap om kva som skapar gode, rehabiliterande prosessar. Hittil har berre ein studie av same type blitt gjennomført i Noreg.