Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Det er ein godt dokumentert samanheng mellom skiftarbeid og fleire sjukdomsgrupper. Verksemder med tilsette som arbeider skift eller turnus kan likevel gjere mykje for at arbeidet skal gå minst mogleg ut over helsa.

Omtrent kvar fjerde tilsett i Noreg arbeider skift eller turnus. Samtidig veit vi at skift- og turnusarbeid kan gi helseskade. Gode skift- og turnusordningar er som verneutstyr å rekne, og dermed ein viktig del av det systematiske IA- og HMS-arbeidet (helse-, miljø- og sikkerheit).

Kva er skift- og turnusarbeid?

Det finnast ingen eintydig definisjon på kva skift- og turnusarbeid er. Det er vanleg å seie at det dreier seg om arbeid som fell utanfor normal arbeidstid. Arbeidet føregår i avsnitt, og kan være med eller utan nattarbeid og helgearbeid. Skiljet mellom skiftarbeid og turnusarbeid heng saman med kva for sektor i arbeidslivet det dreier seg om. Dei to omgrepa blir ofte brukt om kvarandre, og vi vil heretter nytte omgrepet skiftarbeid.

Skift, turnus og helse

Kroppen har det best med ein stabil døgnrytme. Fleire av kroppens funksjonar varierer gjennom døgnet, som for eksempel kroppstemperatur, blodtrykk og produksjon av hormona adrenalin og melatonin. Skiftarbeid rokkar ved denne naturlege variasjonen og fører til såkalla "desynkronisering". Dette gjeld spesielt arbeid om natta. Skiftarbeidarar har større søvnproblem enn andre. Det er brei semje om at normal nattesøvn er den beste. Søvn på dagen kan ikkje erstatte den. Arbeidsmiljølova definerer nattarbeid som skadeleg og noko ein skal unngå så langt det er mogleg.

Det er ein godt dokumentert samanheng mellom skiftarbeid og følgjande sjukdomsgrupper:

  • Lettare psykiske lidingar
  • Mage-tarmsjukdommar
  • Hjarte-karsjukdommar
  • Forplantningsskader (blant anna abortrisiko)
  • Kreftsjukdommar

Følgjande grupper bør ikkje jobbe skift:

  • Seniorar som ikkje har jobba skift før
  • Personar med fordøyingsproblem
  • Personar som treng stabil døgnrytme
  • Personar med hjartesjukdommar
  • Gravide

Skift, turnus og tryggleik

Det finst ingen bevis for at skiftarbeid alltid reduserer tryggleik og fører til menneskeleg svikt og ulukker. Forsking viser likevel at reaksjonstida vår aukar under nattarbeid. Undersøkingar blant trailersjåførar i USA har vist at det skjer dobbelt så mange ulukker på natta, til tross for mykje mindre trafikk. Konklusjonane i diverse studiar seier dessutan at risikoen aukar med lengda på skiftet.

Gode råd om skift og turnus

Skiftarbeid er heilt nødvendig i eit moderne samfunn. Det er likevel mykje arbeidsgivarar kan gjere for å redusere risiko og belastningar. Det er viktig med tett oppfølging av skiftarbeidarar, blant anna gjennom god informasjon og hyppige helsekontrollar. Å legge til rette for eit sunt kosthald og såkalla "power naps" kan også være gode tiltak. Når ein lagar skift- og turnusordningar bør målet være "god søvnhygiene". Då er det lurt å ta omsyn til følgjande:

  • Aukande alder gir redusert toleranse for skiftarbeid. Dette skjer allereie når vi passerer 40 år.
  • Ein søv i gjennomsnitt to timar mindre etter nattskift enn etter andre skift. Ved mange nattskift etter kvarandre kan ein dermed opparbeide et underskot på søvn. Talet på nattskift som følgjer kvarandre bør derfor være minst mogleg.
  • Det bør være minst 24 timar fri etter eit nattskift.
  • Skiftplanen bør rotere med klokka.
  • Rotasjonen i skiftordninga bør være så regelmessig som mogleg.
  • Fordelinga av fridagar bør være jamn.
  • Den beste søvnen får vi mellom midnatt og klokka 06.00 om morgonen. Tidspunktet for avløysing om morgonen betyr mykje for søvnkvaliteten. Avløysing bør skje rundt kl. 07.00.
  • Skiftlengda bør ikkje overskride 8 timar. Er dette likevel nødvendig, bør det skje under oppfølging av skiftarbeidaren.
  • Ein bør unngå såkalla "springskift", f.eks. nattskift etter dagskift.

Skift, turnus og medverknad

Intensjonen i arbeidsmiljølova, samt tradisjon og avtaleverk i norsk arbeidsliv tilseier at dei tilsette i stor grad må bli involvert når ein lagar skiftplanar. Medverknad gir meir nøgde tilsette. Ein skiftplan som skaper usemje og mistrivsel er ingen god skiftplan. Skiftarbeidarar bør derfor helst utarbeide sin eigen skiftplan, innanfor rammer definert av verksemda.

Kjelder

Les mer