Hopp til innhold
Nettstedsøk
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ein studie frå dansk industri viser at høgare krav frå leiinga kan bety at tilsette får meir kontroll over arbeidet. Føresetnaden er at nye krav ikkje er ekskluderande og at arbeidspresset ikkje aukar for mykje.

I ein ny studie ser dei danske forskarane Helle Holt og Helge Hvid på korleis nye krav og kontrollmekanismar påverkar dei tilsette i to bedrifter frå næringsmiddelbransjen. Utgangspunktet til forskarane er at tradisjonelle grenser for ansvar og kontroll blir viska ut.

Høgare krav og meir kontroll

Forskarane finn på den eine sida at leiinga stiller høgare krav og utvider sin kontroll over produksjonen. Eksempel på dette er meir overvaking av produksjonen og meir systematisk evaluering av arbeidsinnsatsen til tilsette og team. Samtidig konkluderer forskarane med at også dei tilsette har fått meir kontroll over arbeidet. Eksempel på dette er betre høve til læring gjennom jobbrotasjon, deltaking i planlegging og prosjekt, samt større ansvar for kvalitet og produksjonssystem.

Positiv synergieffekt

Ein av konklusjonane til forskarane er at høgare krav frå leiinga ikkje nødvendigvis er negativt. Nokre krav kan tvert imot føre til meir kontroll og autonomi for dei tilsette. Eit godt eksempel på dette er når leiinga krev meir fleksibilitet og deltaking frå sine tilsette. Tilsette som blei intervjua i studien beskriv slike krav som positive.

Tillitsvalde er viktige

Forskarane meiner at tillitsvalde spelar ei viktig rolle for å sikre denne positive effekten. Tillitsvalde bør forhandle med leiinga om tydelege og rettferdige krav til lærevilje, ansvar og kreativitet. Elles kan desse krava verke ekskluderande på nokre av dei tilsette. Samtidig bør dei jobbe for at arbeidspresset ikkje aukar for mykje.

 

Studien er publisert i Nordic Journal of Working Life Studies: Holt, H., Hvid, H.. Management and Employee Control in Current Industrial Work. Nordic Journal of Working Life Studies, North America, 4, sep. 2014.

Gå til studien

Les mer

Den norske modellen

Den norske modellen sikrar samarbeidet i arbeidslivet

”Den norske modellen” er eit omgrep som blir nytta for å beskrive det spesielle ved korleis arbeidslivet er organisert i Noreg. Ein brukar omgrepet for å illustrere forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, arbeidsgjevar- og arbeidstakarforeiningar og det forholdet begge sider har til staten.

Lean og kontinuerlig forbedring

Lean gir både trivsel og kvalitet

Lean, eller kontinuerlig forbedring, er et tankesett og en metode for å forbedre kvalitet og resultater. Metoden betyr ofte en sterkere medvirkning fra ansatte. Dette kan styrke trivselen og arbeidsmiljøet.

Medarbeiderskap

Medarbeiderskap styrker arbeidsgleden

Medarbeiderskap handler om hvordan vi forholder oss til arbeidsoppgavene, til arbeidskollegaene og til arbeidsgiveren. Det finnes godt og dårlig medarbeiderskap, på samme måte som det finnes godt og dårlig lederskap. Godt medarbeiderskap utgjør selve grunnlaget for yrkesstolthet – og yrkesstolthet og arbeidsglede er beslektede fenomener.