Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Korleis få fagleg påfyll i ein travel arbeidskvardag? For Fjord1 blei nettkurs løysinga. No skal NAV-tenesta ut til heile landet.

– Vi var einige om å styrke opplæringa av leiarane våre. Spørsmålet var korleis, fortel Janne Steinhovden, HR-rådgjevar i ferjeselskapet Fjord1 med hovudkontor i Florø Sogn og Fjordane.

Som IA-verksemd fekk ho auga opp for IA-webinar, ei ny teneste frå NAV Arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane. Webinar er eit nettbasert kurs eller seminar.

– Eg tok mange av dei ordinære kursa tidlegare, men eg fekk like stort utbytte av webinara, fortel Steinhovden.

Nettkurs er «gull» i ein travel kvardag

Arbeidskvardagen er travel for mange leiarar. I eit land flust av fjordarmar, fjell og ferjer tek det tid å kome seg att og fram, og det kostar.

– Slik sett er webinara til Arbeidslivssenteret heilt gull, i følge Steinhovden.

– Du kan gjennomføre kurset på din eigen arbeidsplass. Det sparar oss for mykje tid, sidan vi slepp reisetida til og frå kursstaden.

– Eg har til og med delteke på webinar då eg låg heime og var sjuk. Då fekk eg med meg webinaret via smarttelefonen. Det fungerte veldig bra, seier ho.

Fjord 1 - 5

– Kvaliteten på kursa er god og webinar som undervisningsform er veldig nyttig.

Janne Steinhovden

Obligatoriske nettkurs for leiarar

Alle som jobbar med oppfølging av sjukefråvær i Fjord1 tek no minimum to nettkurs i året.

– Opplæring kan ein aldri få nok av, meiner ho.

Kurstilbodet er variert med tema innan arbeidsmiljø, sjukefråvær, rekruttering og livsfase. Leiarane vel sjølve kva for tema dei ønskjer å lære meir om.

– Kvaliteten på kursa er god og webinar som undervisningsform er veldig nyttig.

– Og så er det jo gratis, legg ho til.

No kan alle melde seg på IA-webinar

Dei nettbaserte kursa starta opp som eit tilbod frå NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. No er det mogleg for verksemder i heile landet å bli med på kursa.
  

> Klikk her for oversikt på kva IA-webinar du kan melde deg på

  

OM WEBINAR

ia-webinar

Kva er eit IA-webinar?
Eit IA-webinar er eit nettbasert kurs eller seminar.

Kva treng eg for å delta?
Alt du treng for å delta er ei datamaskin/nettbrett/smarttelefon og internett. Dersom du kan sjå ein video på YouTube eller VGTV, så kan du delta på IA-webinar.

Kva skjer på IA-webinaret?
På IA-webinaret vil ein IA-rådgjevar halde eit kurs. Du vil sjå og høyre rådgjevaren og tilhøyrande lysark.

Kan eg stille spørsmål under IA-webinaret?
Ja, det er mogeleg å stille spørsmål undervegs via chat-funksjonen. Vi svarer så raskt vi kan, evt. etterpå dersom det ikkje let seg gjere å svare via chat.

Korleis deltek eg?
Du ser kva melder deg på IA-webinaret på www.nav.no/kurswebinar

I forkant av IA-webinaret vil du få ein e-post med informasjon om korleis du loggar deg på. E-posten vil også innehalde kontaktinformasjon til ein som kan hjelpe deg med oppkopling, dersom du har behov for det.

Anbefalingar
Vi rådar til at du koplar deg på før IA-webinaret startar, slik at du får sjekke at det tekniske fungerer.

› www.nav.no/kurswebinar