Ekvator rundt på ti veker!
NAV Forvaltning Bergen
Publisert: 19.01.2012

Kvart skritt tel når ein skal komme seg rundt ekvator. Her er primus motor Kari Dale på veg opp trappa.

Mil etter mil: Med skritteljarane har fleire komme seg i aktivitet ved NAV Forvaltning Bergen
Følg oss på Facebook
Følg oss på Twitter










NAV Forvaltning Bergen har nyleg gjennomført ein imponerande tur: Utstyrt med skritteljarar og ein god porsjon motivasjon har spreke medarbeidarar i løpet av ti veker gått ein distanse som tilsvarer ekvator rundt!
For denne bragda vart dei nominert som ein av finalistane i Dagens Næringsliv sin konkurranse "Norges sprekeste bedrift" i 2011.
- Ideen starta før jul når vi skulle kjøpe julegåver til dei tilsette. Vi gjekk inn for å kjøpe skritteljarar, men ønskte å gjere noko meir ut av det. Det var då at ideen om "Ekvator rundt på ti veker" kom opp. Vi ønskte å stimulere til rørsle og aktivitet og sette i gang med ein "Kom i form-kampanje" der alle tilsette vart invitert til å delta i eit felles prosjekt: Gjennom å gå ca. 8000 skritt i snitt kvar dag var målet å komme rundt ekvator, fortel primus motor Kari Dale.
Eit inkluderande prosjekt
Turen starta på øya Ihles das Rolas litt utanfor Afrika. Distansen var på 40 075 km. Kvar deltakar rapporterte med jamne mellomrom inn kor langt dei hadde gått, og Dale summerte og rekna ut kor langt deltakarane hadde gått til saman. Undervegs vart det også skrive "reisebrev" som fortalde kor langt dei var komne på reisa.
- Vi la opp til at alle som ville skulle få høve til å delta uansett utgangspunkt, forklarer Dale. Ho fortel om korleis ein delte deltakarane opp i ulike kategoriar, frå "slimmarane" som ønskte å kombinere treninga med vektreduksjon, til "livsnytarane" som ønskte å komme i meir aktivitet og dei aktive "mosjonistane" som trena frå før av. Kvar enkelt deltakar valde sjølv kva kategori ein ville plasserast i.
Konseptet vart lansert på ei felles samling i mars, og deretter la rundt 160 NAV-tilsette ut på den store marsjen. Og det er inga tvil om at satsinga vekte engasjement, ikkje berre blant dei tilsette, men også blant fleire familiemedlemmer som deltok - 11 born var også med og bidrog til at vi nådde målet, smiler Dale.
Helse i kvart skritt
- Formålet var å få eit bevisst forhold til kor mykje ein er i rørsle og stimulere til aktivitet. Mange som til dømes køyrer til jobb og sit i møter store delar av dagen blir sjokkerte over å oppdage kor lite dei faktisk går når dei får skritteljaren på seg, kommenterer Dale.
Å vere i aktivitet er godt for helsa, og ei god helse er bra for å få ned sjukefråværet. Difor er prosjektet også ein del av HMS-planen i NAV Forvaltning Bergen.
- Satsinga har også positive effektar for det sosiale miljøet. Fleire har gitt uttrykk for at prosjektet har gitt positive opplevingar. Ikkje berre kjem ein i betre form, men det stimulerer til eit betre arbeidsmiljø gjennom at ein får eit felles mål og eit felles prosjekt å snakke om, seier Dale.
Blant Noregs sprekaste
NAV Forvaltning Bergen klarte å nå målet innan tidsfristen, og på sommarfesten var det utdeling av premiar til deltakarane innanfor kvar treningskategori.
Konseptet er enkelt og inkluderande. Og ikkje nok med det: NAV Forvaltning vart nominert som ein av finalistane i konkurransen "Norges Sprekeste bedrift" i regi av Dagens Næringsliv.
Kvar går turen vidare?
- Det er litt tidleg å seie enno, men det hadde vore artig å gå til Venezia. Og når vi har kome i mål kan vi kanskje få arrangert ein tur dit på ordentleg? Det hadde vore kjekt, smiler Dale med eit drøymande blikk.
Tekst: Ingrid Hope, NAV Hordaland
Tips en venn