Trivsel + kvalitet = business
Oleana

Gründer Signe Aarhus med ein medarbeidar.

Vakre sneller hos Oleana.

Lang erfaring må til.

Oleana er kjend for flotte produkter.
Oleana er noko så sjeldsynt som ein vellukka norsk tekstilprodusent. Økonomar fattar ikkje korleis dei får det til. – Vi er ikkje mest opptekne av pengar, men av produktet vårt og medarbeidarane som skal lage det, seier gründerane.
Bak Oleana, som kom til verda i 1992, står tre engasjerte og idealistiske gründerar.
– Me byrja med dette av kjærleik til tekstil og design, og ville vise at det går an å drive i denne bransjen også i Noreg, seier gründer Signe Aarhus.
Pengar ikkje viktigast
– Som tekstilprodusent i Noreg jobbar vi mot straumen, seier Kolbjørn Valestrand, også gründer. – Då kan vi ikkje ha som mål å tene mest muleg pengar. I staden satsar vi på å skape ei trygg bedrift der folk trivast. Slik legg vi til rette for høg kvalitet og endringsvilje i ein utsett bransje.
Tillit lønner seg
– Vi har ei bevisst tilnærming til leiing og eit positivt menneskesyn, fortsetter Valestrand. – Vi trur ikkje på at menneske nødvendigvis må kontrollerast og styrast. Hos Oleana skal vi ha ein flat struktur der vi bryr oss om kvarandre, ikkje eit stivt hierarki.
– Derfor har vi heller ingen tidsregistreringssystem, men baserer oss på tillit, seier Aarhus. – Vi brukar ikkje pengar på å kontrollere og har ein enkel administrasjon som kostar lite.
Alle er viktige
Overskotet går i staden til å sikre ein trygg økonomi og til å investere i dei tilsette. 30-40% går til ein bonus som blir fordelt likt mellom medarbeidarane, uavhengig av lønnsnivå.
– Dette gjer vi for å vise at alle er viktige for å nå felles mål og at teamarbeid er heilt nødvendig for at vi skal lukkast, seier Valestrand.
Heilskap og stoltheit
For å skape motivasjon og arbeidsglede er leiinga i Oleana opptekne av at dei tilsette forstår heilskapen i det verksemda driv med.
– Dei tilsette er dei første som får sjå nye kolleksjonar. Kvart år tek vi alle med på tur, blant anna på messer der Oleana sine produkt blir presentert. Vi reiser til stader som har inspirert designaren vår eller besøker leverandørane våre. Slik får dei tilsette kunnskap om heile verdikjeda, samtidig som vi skaper stoltheit, seier Aarhus.
– Når dei tilsette er stolte ambassadørar for Oleana, då rekrutterer nye og motiverte medarbeidarar nesten seg sjølv, legg dei to gründerane til.
- Emneord:
- Arbeidsmiljø
Tips en venn
Følg oss på Facebook
Følg oss på Twitter









